Eg syner til høyring i sak 68/20 om hamne- og farvassavgifter. Eg representerer SANDEFISK AS.
Sandefisk AS er ei bedrift som er lokalisert på Sandshamn i Sande. Selskapet kjøper fisk frå kystflåten og har over tusen anløp i året av større og mindre båtar som skal levere fisk, hente is osv.
No ser eg at Sande kommune skal slå seg på galeien med å krevje inn hamnepengar for å rette opp i ein skakkøyrd økonomi.
Vi er sterkt imot at de innfører dette.
1. Samanlikna med dei nabokommunane som krev inn hamneavgift, har Sande kommune etter mitt vitande ikkje hatt utgift av tyding til hamner.
Sande kommune har og særs avgrensa driftsutgifter til hamner. Eg kjenner ikkje til anna enn belysning. Der er ikkje vedlikehaldsutgift eller anna.
2. Saksutgreiinga som ligg til høyring seier ikkje noko om kva utgiftene til hamnene er, og heller ikkje noko om utgiftene til innkrevjing av avgift. Det er neppe gratis å sitje og fylgje med på alle anløp og rekne ut båtlengder, slå opp bruttoregistertonn og finne fakturamottakar.
Her ser det ut til at ein skal bli villeia til å tru at dette er rein netto. Vi krev at det kjem opp eit utgiftsbudsjett på dette.
Hamnepengane skal også vere eit nullsum-prosjekt, så de kan no ikkje berre hive ut ein pris på kaileige og farvassutgift utan at de har leita fram kalkulatoren for å rekne på utgiftene.
3. Sandefisk er den aktøren med flest anløp i kommunen når vi ser vekk frå ferjekaiene. Vi synest det er ein uting at Sande Kommune skal pålegge ei avgift for folk som ynskjer å levere råstoff sjøvegen til fabrikken vår, kanskje ynskjer å base i hamna vår under ei fiskje, handle på Coopen og kanskje kjøpe seg ei kald ei på Rosenlund ein laurdag med dårleg vêr.
4. Sandsøya har blødd nok dette året. De har fjerna skulen vår for å spare pengar. Innsparinga, om ho er reell, verka å allereie vere sosa vekk i overskridingar på anna plan. No skal rekninga atter ein gong sendast hit ut. Er det slik at Sandsøya skal skape og de skal bruke?
5. Kommunal kai Sandshamn.
I 2010 fekk Sande kommune eit tilskot frå Staten for å byggje ei lenge tiltenkt fiskerikai på Sandshamn. Den opphavlege finansieringsplanen var at Stat og kommune skulle dekke kvar sin halvpart. Den gongen var kommunen på Robeklista og hadde ikkje handlefridom til å gjere ei slik investering. Det var på nippet at ein måtte seie frå seg tilskotet og la dei få bygge fiskerikai ein annan stad i landet. Vi gav oss ikkje heilt over, og dåverande ordførar Dag Vågen gjorde ein kjempejobb med å sy saman eit finansieringsopplegg som vart etande for alle partar. Vi fekk skrapa saman 25 % av summen frå næringslivet på Sandsøya slik at kaia blei finansiert 50 % av Staten, 25 % av Sande Kommune og 25 % av næringsaktørane Brudanes AS, Bringsvor Laks As og Sandefisk AS på Sandsøya.
Eg må då få seie at det kjennest heilt feil at gjestande fartøy til Sandshamna skal betale kai- og anløpsavgift til Sande kommune for ei kai som har kosta næringslivet på Sandsøya like mykje som ho har kosta kommunen.
Elles er vel det talet dette kosta kommunen ganske likt kostnaden på ein parkeringsplass ein eller annan stad på Larsnes, som blei bygd samtidig som ein ikkje hadde råd å drive skule på Sandsøya og i Gjerdsvika. Kan ei parkeringsavgift kanskje vere like innbringande for ein skral kommuneøkonomi? Eller vil den ramme feil geografisk?
Summert opp vil eg råde politikarane i Sande til å legge vekk dette. De har ikkje rekna på det i det heile slik det går fram av høyringsnotatet. De har heller ikkje tenkt på konsekvensane det vil ha mht kaia på Sandshamn, der andre har bidrege like mykje.
Sande kommune skal tiltrekke seg båtar. Det er faktisk det folket i kommunen lever av. Di fleire båtar so kjem til Sande for å bli reparerte, mala, handle eller selje fisk, dess betre økonomi får kommunen. Då blir det feil å krevje avgift for anløpa for å kvele dette i starten.
SANDEFISK AS,
Gjermund M. Bringsvor