Innsendt:

HBK til topps i regionturnering - igjen

Herøy biljardklubb arrangerte i helga som var sesongens tredje regionsturnering, denne gongen i disiplinen 8-ball.

JO­NAS KVAL­SUND HANSEN: Hansen var uslåeleg også denne gongen.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Det kom tilreisande spelarar frå heile Vestlandet, men dei måtte reise tomhendte heim etter at HBK nok ein gong viste seg som den beste klubben i region Vest.

I 1. divisjon møtte 21 deltakarar og Jonas Kvalsund Hansen var også denne gongen uslåeleg. Etter å ha spelt nærast feilfritt og vunne alle kampane i dei innleiande rundane, var han klar for finale mot lagkamerat Dag-Arve Gjerde. Han spelte svært godt gjennom heile turneringa, men måtte ta til takke med ein god andreplass. Finalen enda 6-1 til Jonas, som med det vart turneringsvinnar for andre gong på rad.

I 2. divisjon med 11 deltakarar kunne også Svein Rune Notøy leike seg til finale med siger i alle kampar. I ein spanande finale var det Svein Rune som til slutt trekte det lengste strået og vann 5-4 over Viljar Glavær Akse frå Hyllestad.

HBK har dermed vunne alle regionsturneringane hittil denne sesongen, i både 1. og 2. divisjon. Vi gratulerer!


Resultatliste HBK, 1. divisjon:

Jonas K. Hansen (1)

Dag-Arve Gjerde (2)

Jan Ove K. Hansen (3)

Edvin E. Pettersen (5)

Henning Solem (5)

Henrik H. Pettersen (5)

Øystein Pettersen (9)

Trond Bendal (13)

Ali Mirzai (13)

Joakim Skauvik (13)

Maron Pettersen (17)

Svein Rune Notøy (17)

Roger Daniel Helland (17


Resultatliste HBK, 2. divisjon:

Svein Rune Notøy (1)

Britt-Sølvi H. Pettersen (3)

Joakim Skauvik (5)

Victoria H. Pettersen (7)

Maron Pettersen (7)

Roger Daniel Helland (9)

Geir Vangen Kvalsund (9)

Asbjørn Pettersen (9)