Kvalsvik grendelag om uttak av stein til Nerlandsøybrua:

- Stor uro og undring

Innlegg av Kvalsvik grendelag.

Tunnel: Tunell mellom Teigestranda og Kvalsvikstranda på ca 400 meter total lengd. 

Fritt Ord

Det er med stor uro og undring at styret i Kvalsvik Grendelag les i Vestlandsnytt at Herøy Kommune vurderer å flytte masseuttak av stein som skal brukast til anleggsvegen og den nye brua til Verpingsneset åleine.

Som det kjem fram i Vestlandsnytt har det vore jobba for ny vegløysing til Kvalsvika i 60 år (!) og no vil Herøy Kommune setje strek over dette ved å flytte heile masseuttaket utan å tenke trafikktryggleik.

Kvalsvik Grendelag ber om at denne vurderinga vert gått grundig igjennom med ei breiare utgreiing der traffikktryggleiken vert sett høgt på agendaen. Eit delt masseuttak frå Teigeneset, Verpingsneset og Langeneset gjer det enkelt å gjere vegen rettare og tryggare for alle.

Kvalsvika med badestranda i Mulevika og flotte turområde både i fjell og fjøre har vorte eit ynda område for dei som likar å være ute i naturen. I tillegg kjem det kvart år fleire og fleire bubilturistar til bygda. Borna reiser dagleg til/frå skule og vaksne til/frå jobb. Trafikken gjennom stranda aukar for kvart år medan vegen er like eins – svingete og smal med uoversiktelege område spesielt rundt Teigeneset, Verpingsneset og Langeneset.

Aller helst skulle det ha vore bygd tunell mellom Teigestranda og Kvalsvikstranda for å kome utanom dette området, og store mengder stein kunne hentast ut frå ein slik tunell utan å legge att stygge sår i terrenget. Styret er klar over at dette er ynskjetenking, men gratis forslag om ein tunell på berre litt over 400 meter er herved oversendt (sjå bilde)!

Vi set vår von til at Herøy kommunestyre vil nytte dette høvet og gjere vegen tryggare for alle når ein likevel skal ta ut store mengder stein.

Anleggsvegen som skal nyttast til den nye Nerlandsøybrua bør planleggjast og byggjast for å verte den framtidige vegen til Kvalsvika. Å køyre «gjennom hagane» til oppsitjarane på Teige er lite ynskjeleg og burde også vere heilt uaktuelt for alle dei som bur langs vegen. Fleire bygg hus i dette området og med mange små og store born langs ein smal veg utan fortau er det ein utrygg stad å ferdast både for køyrande og gåande.

Vi håper og trur at Ordførar og kommunestyret vil gjere det som er best for alle innbyggarane på Nerlandsøya og gjere dei tiltak som må til for å trygge vegen.