Fritt ord:

Ferjekutt på søre Sunnmøre — nok er nok!

Vanylven utvikling as ved dagleg leiar Tor Inge Nygård, Stad vekst as ved dagleg leiar Olav Hjelle og Måløy vekst as ved Randi Humborstad har dette å seie om planlagde ferjekutt.

Årvik - Koparnes: Sambandet mellom Vanylven og Gurskøya kan få eit omfattande rutekutt viss planen til fylkeskommunen går gjennom.   Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Pendlarar og næringsdrivande i Vanylven og Ytre Nordfjord steilar over forslaget om ferjekutta på Søre Sunnmøre. Møre og Romsdal fylkeskommune har no kome med forslag på ferjekutt, spesielt på Sunnmøre, og skal spare inn 20 mill. på ferjedrifta i Møre og Romsdal i 2021 og ytterlegare 10 mill. i 2022. Dei største ferjekutta er det forslag om å ta på Koparnes —Årvik med 50 avgangar pr. veke og kutte i nattferja på Larsnes — Åram — Voksa — Kvamsøy.

Dette er dramatiske ferjekutt i eit sambandet med gjennomgåande trafikk frå ytre Nordfjord til søre Sunnmøre/Ålesund. Næringslivet er avhengig av ein effektiv varetransport innanfor desse arbeidsregionane og det er også stor trafikk av arbeidsreiser og pendlarar på dette sambandet. Fleire bedrifter/transportselskap i regionen som dagleg trafikkerer strekninga Nordfjord Ålesund tur/retur er sterkt bekymra for forslaga som no er framlagt. Å kutte i denne regulariteten vi i dag har vil utan tvil påføre næringslivet større kostnader. Kutt av enkeltturar på dagtid gjev heller ikkje dei store innsparingane av kostnader då mannskapskostnadane framleis vil være dei same.

Forslaget om rutekutt kjem no etter at vi i 2018 opplevde at MRFK vedtok ei takstsoneauke, opp to takstsoner, bl.a. på ferjesambandet Koparnes -Årvik. (Dette medførte ei takstauke på 27%) Bakgrunnen for dette vedtaket var å finansiere eit betre ferjetilbod med mellom anna hyppige avgangar, fleire fartøy og miljøvennlege ferjer. No ser vi heller det motsette, kraftige kutt på ferjetilbodet - spesielt på Årvik — Koparnes.

I budsjettsamanheng har ferjedrifta i Møre og Romsdal vorte ein salderingspost. Med endringane vi no har sett sidan 2018, taktssoneauke, prisauke og tilbakestilling av takstsoner, innføring av Autopass og no ferjekutt, kan ein stille spørsmål om MRFK er rette instans for å ha ansvaret for ferjedrifta i fylket. Fergene er ein del av vegnettverket og må i større grad finansierast av Staten.

For oss som bur i Vanylven, den sørlegaste kommuna i Møre og Romsdal og avhengig av ferjer for å kome oss nordover i fylket, er pendling inn og ut av kommunen, elevar som må reise til vidaregåande skular, eit næringsliv avhengig av gode kommunkasjonar, pasienttransport til og frå sjukehus osv - viktige faktorar som påverkar bulyst og trivsel i ei kommune som allereie slit med negativ folketalsutvikling.

Dei siste trafikktala for ferjene på søre Sunnmøre (pr. august 2020) syner også at Årvik — Koparnes er einaste ferjesambandet på søre Sunnmøre med positiv vekst i PBE på tross av covid-19 effekta.

Nok er nok. Vi må no få fortgang på realisering av Rovdefjordsambandet og Sande Fastlandsamband og opna tunnel frå Årvik til Gursken. Reisetida frå Vanylven til Myrvåg/Garnes (knutepunktet på søre Sunnmøre og arbeidsregionane i Ulstein/Herøy/ørsta/Volda) må ned med 20 min, ferjefritt!


Vanylven utvikling AS ved dagleg leiar Tor Inge Nygård

Stad vekst AS ved dagleg leiar Olav Hjelle

Måløy vekst AS ved Randi Humborstad