Øystein Storeide:

- Eit godt miljøtips

Øystein Storeide  Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Øystein Storeide er på tråden med det han meiner er eit godt miljøtips:

– Her på garden har vi hatt det same vassklosettet sidan femtitalet. Det er langt betre enn desse nymotens toaletta med trange avløp og moderne utforming. Då det vart problem med vårt gamle, gode toalett, var det ikkje reservedelar å få tak i. Men eg ringde ein røyrleggjar som fiksa det. Desse toaletta frå femtitalet har smartare løysingar, med større dimensjonar og betre «unnatak» enn dei nye, og det er sjølvsagt miljøvenleg å ikkje kaste dei, lyder rådet frå Fiskåbygd. Han minner om fylgjande:

«Når døren med hjerte du finner, din nød og din smerte forsvinner».