Gudmund Solstad fyller 90 år:

"Ein liten presentasjon av ein god ven"

Gudmund Solstad: Om lag 19 år, telegrafist på dei sju hav. Eit litt gulna, men flott bilde! 

Fritt Ord

«På en av turene gikk vi ut fra Yokohama og skulle til Formosa, som det hette da. Jeg fikk værmelding fra havnemyndighetene på morselampe mens vi ble tauet ut, og med den fulgte et tyfonvarsel. […] Det er uten sammenligning det verste været jeg har opplevd, med bølger så store at jeg neppe trodde det var mulig. Jeg er ikke i stand til å gi en god beskrivelse.»

***

Vi ser at jeg-personen, Gudmund Solstad, kan morse og tek imot tyfonvarsel, og vi registrerer at det er ei hending langt attende i tida. Dei skal til eit land som ikkje står på kartet i dag. Skipet er ved kysten av Japan og vert råka av ein enorm tyfon, … for meir enn 70 år sidan. Kan føye til at Gudmund vart ikkje sjø-redd etter denne skrekkelege tyfonen. Han heldt fram som telegrafist i utanriksfart nokre år til, og det vart fem jordomsiglingar.

No skriv vi 2020, og 20. september fyller Gudmund Solstad 90 år, og difor nokre ord til om jubilanten.

Gudmund valde nok å bli telegrafist fordi utdanninga var eitt-årig, og fordi ein telegrafist var sikra arbeid etter eksamen og sertifikat. Den norske handelsfloten var i vekst og trong telegrafistar. Enkelt sagt, som ei forklaring: det var ofte ikkje evnene, eller interessene, som avgjorde yrkesvalet den gongen, det var økonomien. Lånekasse fanst ikkje, og skulle ein få banklån måtte ein stille med kausjonist. Alle som har opplevd dette kan vitne at det var ikkje enkelt å få ein person til å skrive under og garantere for eit banklån. Underleg å tenkje på dette i dag, i ei tid med så mange gode studieordningar.

Men etter åra på sjøen, i langfart, skaffa Gudmund seg ei allsidig utdanning, og satsa på eit yrkesliv på landjorda. I meir enn 50 år har «han Solstad» vore herøyværing.

Mange kjenner han frå innlegg i Vestlandsnytt, frå artiklar som viser innsikt og kunnskap, saklege, som viser god formuleringsevne og har godt språk.

Ja, det er sant, mange veit kven han «han Solstad» er. Tidlegare elevar har han i minnet som rektoren ved Herøy vidaregåande skule. Andre har møtt han i politisk arbeid: Han representerte Arbeidarpartiet i Herøy kommunestyre, i 12 år, åtte år i formannskapet, og fire år i fylkestinget, i tillegg medlem/leiar i nemnder og i utval.

I lang tid var han sekretær i styret til Herøy sogelag, det er år eg minnest med glede. Det var godt samarbeid, det var humørfylt og seriøst arbeid, effektivt, og vi fekk gjennomført viktige saker som syner att i dag.

I mange år har han vore trufast songar i Herøy Mannskor, og han er framleis med der.

Gudmund har vore, og er framleis, bidragsytar til tidskrift både her i Herøy og i Nordland, og han har gitt ut fleire bøker.

Gode ven.

Eg helsar hjarteleg til lukke med 90-årsdagen. Eg er viss på at det er mange som vil skrive under her og sende deg gode ynskje. Situasjonen med covid-19 set restriksjonar, men eg vonar og trur du får ein fin fest i lag med dine i Loen. Ha ein framifrå fin tur til Svalbard, og lukke til i alle dagar (smittefrie!) frametter. Eg ynskjer deg friskt mot, god helse og høveleg aktivitet, med smult farvatn, på alle plan.

Gudmund Solstad