Kommentar:

SaFast og ferjekaier

- Eg las, som mange andre, saka om ferjekaier og SaFast som stod på trykk i førre avis. Her var det mykje å ta tak i.
Fritt Ord

Fyrst ein takk til Bjarne Kvalsvik, som klarer å få fram kva som trengst no, nemleg klare svar. Her må vi berre bestemme oss. Skal vi jobbe for SaFast, eller skal vi byggje ferjekaier?


Fylkeskommunen i dramatisk notat:

Varslar massive ferjekutt

Årvik - Koparnes er eitt av ferjesambanda som blir hardast råka viss fylkeskommunen gjennomfører kutteplanen som no er sendt ut.


Eg er klar på kva som bør prioriterast, det er sjølvsagt samband. Skal vi fortsette å kunne bu i Sande så må dette på plass!

Legg og merke til at ordføraren si meining, er at vi fortsatt treng ferje Åram-Larsnes, etter at sambandet evt har kome. Har han satt seg inn i denne saka? Eller er det eg som er på villspor? Eg går utifrå at ein skal nytte Årvik-Koparnes sambandet den dagen SaFast er realisert. Korleis skal vi elles få ferjeavløysingsmidlane, som må til for å få sambandet realisert? Pendlarruta må fortsatt gå frå øyane og til Larsnes som vanlig, men noko ferje til Larsnes treng vi ikkje.


Fryktar vi ser berre starten på massive ferjerutekutt

Mathias B. Gjerde (Sp) har i fleire år styrt ferjer i distriktet vårt. Han fryktar ferjekuttforslaget frå fylkeskommunen kan vere starten på ei nedbygging.


Det vert og peika på at biloppstillingsplassane på Larsnes ferjekai må utbetrast. Vent med dette! Årvik ferjekai ligg langt framfor dette mtp utbetring, og er den ferjekaia som vil bli brukt etter realiseringa av fastlandssambandet.

Vi må lappe på dei ferjekaiene som vi har i dag så langt det let seg gjere. Så vidt meg bekjent er det ferjekaia på Voksa, som er mest prekær mtp utbetring. No var det gjort noko vedlikehald på denne for ikkje lenge sida, utan at eg veit statusen på dette. Folket og næringslivet har krav på både sikre ferjer og kaier, så vedlikehald må sjølvsagt prioriterast. Å byggje nytt verkar bakvendt for meg.


Fryktar ferjekutt vil gje store konsekvensar

Årvik - Koparnes blir hardast råka viss fylkeskommunen gjennomfører kuttplanen, så no er det viktig at vi seier frå om kva konsekvensar dette vil ha, for bulyst og trivsel, for næringsdrivande, for ambulansedrift og for pendlarar ut og inn av kommunen.


Eg har sett meg lei synsing frå politisk leiing når det gjeld denne saka. Her må ting skje fort, elles trur eg siste rest av tolmod frå øyfolket er vekk.

Bit meg og merke i dei nye forslaga til kutt i ferjerutene på både Årvik og Larsnes sambandet. Her går eg berre utifrå både den politiske leiinga samt den nyoppretta samferdsels gruppa har motsvara klare.

Kaare Worren, Sande Vest