Dagpasientar i Sande kommune

Korleis kan Sande kommune berre gløyme ei pasientgruppe på denne måten? skriv ein pårørande i dette innlegget.
Fritt Ord

Då Noreg vart stengt ned i mars på grunn av Covid 19 datt også tilbodet til pasientgruppa for dagtilbod vekk. Naturleg nok. No 6 månader seinare - etter ein sommar med åpne grenser, uteliv og konsertar har vi ikkje hørt eit einaste ord frå Sande kommune! E-posten vi sendte er ikkje besvart.

Korleis kan Sande kommune berre gløyme ei pasientgruppe på denne måten? Det er eit grunnlag for at ein har fått innvilga eit tilbod, ha noko fast å gå til og møte andre. Pasientar som ikkje har pårørande kan ikkje hatt det lett i denne perioda, og det er dessverre eit faktum at dei fortsatt ikkje har det lett og det er berre trist!

25.\u0009august kom denne meldinga på Sande kommune si heimeside, fyrste informasjon sidan 10. mars:

«Mange saknar dagtilbodet på Øya, som er stengt på grunn av situasjonen vi er i med fare for smittesituasjonar.

Vi kjem no til å sjå på mogelegheiter for å opne Øya for ulike grupper, tidlegast vil ei slik opning verte 15. september.

Meir info vil kome så snart vi kan gjere dette innanfor dei krav som er til smittevern.»

Dette er no ei lita veke til og info har ikkje kome!

Herøy kommune har klart å opne opp igjen for dagpasientar innan kravet for smittevern - er det virkelig så mykje verre å få dette til i Sande kommune?? Eller er det rett og slett sparing på bekostning av ei gløymd pasientgruppe?

Pårørande

Kommunen svarar:

Korona har sjølvsagt vore krevjande for alle. Sidan dagtilbodet, Øya, er inne på omsorgssenteret så har det vore stengt sidan pandemiutbrotet, og er framleis stengt. Det er både lokalt og nasjonalt framleis slik at sjukeheimar, som er ein del av omsorgssenteret vårt, er stengde. Grunnen er at det er særleg utsette pasientar som må skjermast.

Vi har informert så godt som råd er i dei møter vi har hatt med pårørande, gjennom media og på heimeside. Vi har gradvis opna og lagt til rette for at besøk kan gjennomførast og at ein internt på avdelingar kan vere saman. Om nokon vil ha meir info så er det berre å ta kontakt.

Vi arbeider med eit opplegg for å kunne starte dagtilbod på ein forsvarleg måte, men vil ikkje ha det på plass til den 15. september slik vi håpte.

Påstander om at dette er relatert til økonomi vil vi avvise. Helse – og omsorg hadde fram til sommarene eit meirforbruk på ca 2,5 mill p.g.a. korona, vi har fått kompensert ca 0,5 av dette så økonomien er sjølvsagt pressa. Det viser likevel at vi gjer det vi må i ein særs vanskeleg situasjon.

Bård Dalen, Helse- og omsorgssjef