Ope brev:

Vedr: Sande kommune , fokus og haldningar

- Vi stiller oss til liks med bygdefolk og næringsliv undrande til at ein politikar utanfrå ser realiteten så mykje betre enn våre eigne, skriv Sandsøy og Voksa Grendalag.
Fritt Ord

Sandsøy og Voksa Grendalag representerer innbyggjarane på Sandsøy og Voksa. Vi har fått fleire henvendelser etter oppslag i Vestlandsnytt, der Bjarne Kvalsvik stiller spørsmål med framdrift og fokus i administrasjon og politisk leiing i Sande med tanke på SAFAST og ferjekaier.

Vi stiller oss til liks med bygdefolk og næringsliv undrande til at ein politikar utanfrå ser realiteten så mykje betre enn våre eigne. Anten trur nokre av «våre» politikarar at ein kan nytte same pengepotten to gongar, eller så er dei ikkje interesserte i at SAFAST skal verte ein realitet.

Det som bør vere fokuset til kommunen no er å snarast få sikre seg at ferjekaia på Voksa, som er den som står mest på skade vert ordna rimeleg, så den toler tungtrafikk, for så og sette fullt trykk på arbeid med SAFAST. Næringslivet treng denne vegen, og innbyggjarane treng den i aller høgste grad!

Framtidsutsiktene i forhold til næringslivet på øyane er svært lovande, bedrifter på øyane åleine har omsetning som har begynt å krype oppover mot ein halv milliard samla sett. Den næraste tida skal det på Sandsøya og Voksa åleine investerast for over 200 millionar kroner. Arbeidet er godt i gong. Då skulle det berre mangle at kommunen vår stiller seg bak oss i ei såpass viktig sak.

Vi legge merke til at ordførar Olav Myklebust meiner der skal vere ei ferje frå Åram til Larsnes også «dersom» SAFAST vert realisert, og i alle fall fram til Rovdefjordsambandet er realisert. Korleis meiner ordføraren at vi skal hente ut ferjeavløysingsmidlar, dersom vi ikkje «avløyser ferja»?

Det vil ta oss på øyane 10-15 minutt å køyre til neste ferjestad – Koparneset dersom vi treng å ta turen over fjorden. Pendlarar til og frå øyane treng ein hurtigbåt, øyane treng ambulansebåten og samfunnsbåten. Vi treng ikkje ferje frå Åram til Larsnes. Det treng heller ikkje dei frå fastlandssida. Dei kan nytte Koparnes – Årvik.

Inne på Gurskøya treng vi ikkje fokus på oppstillingsplass på Larsnes. Vi treng forbetring i Årvika, for det er den vi eventuelt skal bruke.

Vi legg og merke til at der er framlegg om ei samferdselsnemnd i kommunen der ein ikkje skal ha fokus på SAFAST. Dette er eit svært dårleg signal overfor ytre Sande. Vårt råd er at de tenkjer dokke nøye om før de held fram med denne nemnda utan å ta med det største samferdselsprosjektet Sande har.

Dersom dagens Sande framleis skal vere ei kommune, bør haldningar og fokus overfor øyane, innbyggjarar og ikkje minst næringsliv endrast radikalt snarast råd.


Sandshamn 9. september 2020

Sandsøy og Voksa Grendalag

Bjørn Thore Hansen (leiar), Ragnar J. Kvamme, sekretær