Klare signal frå Sande om SaFast

- Tida går fort, men det er ikkje lenge sidan eg med sjølvsyn såg at ferjekaia på Voksa fekk ei omfattande oppgradering. Har heller ikkje lagt merke til at dei andre kaiene i sambandet er elendige. Kva er dette for påfunn?
Fritt Ord

I tysdagsutgåva av Vestlandsnytt etterlyste Bjarne Kvalsvik klare svar frå politikarane i Sande vedrørande prioritering mellom nye ferjekaier eller SaFast. Takk skal du ha Bjarne! Kanskje må vi få hjelp utanfrå for å sjå klart i denne saka. Eg la merke til at våre eigne politikarar meiner at ferjekaiene er elendige og må oppgraderast straks. Tida går fort, men det er ikkje lenge sidan eg med sjølvsyn såg at ferjekaia på Voksa fekk ei omfattande oppgradering. Har heller ikkje lagt merke til at dei andre kaiene i sambandet er elendige. Kva er dette for påfunn?

Det er snakk om nye ferjer om fem år. Innan den tid kan arbeidet på SaFast vere godt i gang dersom alle legg godviljen til. For det er godviljen som manglar! Eg vert både sint og frykteleg skuffa over den behandlinga dette prosjektet får frå våre eigne politikarar. Tanken på omstenda omkring- og utfallet av siste kommuneval gjer ikkje saka betre. Kor lenge skal vi haldast for narr? Fråflyttinga er allereie faretruande stor, godt hjelpa av politiske vedtak. Får vi ikkje SaFast no så treng vi ikkje større ferje i framtida!

Det vert nemnt at det framleis vil vere behov for ferje etter at SaFast er ferdig. Korleis har ein tenkt å finansiere prosjektet utan innsparte ferjemidlar? Eg forstår at dei frå øyane som har arbeidsplassen sin på Larsnes treng eit alternativ til SaFast, men dei treng ein snøggbåt, ikkje ei ferje. Det tek ti minutt å køyre frå Åram til Koparnes. Der har dei halvtimes avgangar frå tidleg morgon til seint på kveld. Det går an å leve med det. Det er ei kolossal forbetring samanlikna med dagens ferje til øyane. Kanskje ikkje like viktig for alle, men for næringslivet vert det ein revolusjon når det gjeld transport. Det må vere ein fordel for Årvik-Koparnes å få tilført trafikken frå øyane.

Det er også snakk om å forbetre oppstillingsplassen på Larsnes. Det treng ikkje koste mykje. Om nokre år er det berre å plante endå meir tre og buskar. Det vert ein fin Rådhusplass.

Inge Bringsvor