Fosnavåg hamn - merknader til kommunestyregruppa i Ap:

- Kvifor ikkje opplyse oss uvitande om dette då?

Det er merkeleg at ei av Norges største fiskerikommunar ikkje ser seg råd til å satse på det som denne kommunen er oppbygd av, nemelig fiske og sjøfart .
Fritt Ord

Merkelegare blir det når vi kastar blikket mot Ulsteinvik, som har sett seg nøydd til å fylle ut snart heile sentrum for å få utvikling i deira kommune.

Endå merkeligare blir det også at Ap her ikkje er på barrikadane å slests om å bevare og beskytte arbeidsplassar på Fosnavåg Pelagic, Bøteriet, Ferd og andre framtidige arbeidsplassar. I staden ser det ut for meg som det er viktigare å få fjerna mest mogeleg av parkeringsplassar i sentrum for å få plass til ei scene. Forstå det den som kan.


Stortingspolitikarar forbausa over hamnevedtak, men …

Held døra på gløtt for hamnetilskotet

Under eit folkemøte i samband med Fosnavåg hamn-saka, kunne stortingspolitikarar i Høgre informere om at det kan vere mogleg å snu i hamnesaka og framleis få statleg draghjelp.


I 2017 sto Ap-general Svein Gjelset på indre almeningskai og formana oss oppmøtte om at dette er viktig for Fosnavåg si utvikling, men no har visst pipa fått ein annan lyd. Den gongen var det ordførar Goksøyr eg kritiserte. Då sto nemleg investor Sperre i Fosnvåg Pelagic og fortalte om ein Høgre-styrt kommune som han følte motarbeidde hans planar om å investere 100 millionar og å opprette 50 nye arbeidsplassar. Men no er det visst nye ting i saka som ikkje vi dødelege veit om saka, seier ordfører Bjørn Prytz.


Herøyordførar Bjørn Prytz etter sterke hamne-reaksjonar:

– Synspunkt frå mange som ikkje har sett seg inn i saka

– Eg brukar å seie at herøyværingane er verdsmeistrar i omkampar. Men det er ingen automatikk i at hamnesaka skal behandlast på nytt. Generelt må det mykje til for at ei sak kjem på dagsorden igjen.


Kvifor ikkje opplyse oss uvitande om dette då? Bemelsesvegdig er det også kor fort kommunedirektør, eller skal eg heller seie «kommunesjef», fekk sendt saka til kystverket, slik at oppattaking av denne sak ikkje lenger ville vere muleg??.

Eg har ikkje for vane å skrive innlegg i Vestlandsnytt. Dette er andre gongen, men når eg synest noko er smeisandes gale så må eg berre. For meg ser det ut som at Fosnavåg hamn berre har vore eit instrument for å få til eit maktskifte i kommunen, anten der gjeld Høgre eller Ap.

I desse miljøtider har politikarane sett inn i spåkula om ikkje dei forurensa massane må fjernast ein gong i framtida, så er dei sikre på å få tilsvarande støtte då . Eller er dette som å spele på børsen? Nei tenk på dei som kjem etter oss som ikkje dei får denne rekninga.


Fosnavåg Pelagic var villige til å gi frå seg eigarskapen til kaifronten: Opna for «planlagt» driftsstopp

Fosnavåg Pelagic fira på fleire krav under det siste møtet med Herøy kommune før hamneavgjerda.


Til slutt må eg få seie meg glad for at eg ikkje er politikar og slepp å stå og love, og i neste omgong gå vekk frå lovnadane. For ein skal passe seg så ein ikkje blir så mett at navlen står som ei sprengd sikring. For då kan ein bli så svolten at rauholet glefsar etter skjorteflaket.

Helsing innhabil fiskar

Robert Madsen