Meir enn 1200 herøyveringar med felles opprop:

Fosnavåg hamn - livsnerven i kystbyen vår!

Meir enn 1200 herøyveringar har siste dagane i eiga facebookgruppe samla seg bak dette oppropet til ordførar og kommunestyre. Vi har forventningar om å verte lytta til og tekne på alvor. Det er kvardagen og liva våre det handlar om! Og det skal våre tillitsvalde bry seg om!

Fosnavåg hamn  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

«Fosnavåg hamn har alltid vore livsnerven vår.

Folk og båtar møtest. Arbeidsplassar oppstår. Folk lever sine liv. Folk har draumar for borna sine. Er det ei framtid for dei her?

Alle er oppteken av: Kva skal hamna verte i framtida? Kva med byen vår dersom det ikkje er bruk for hamna lenger? Kva med draumane våre?

Alle har arbeidd for å utvikle Fosnavåg sine særleg fortrinn. Vi skulle utvikle denne unike kombinasjonen av ei levende fiskerihamn, aktiv fiskeindustri og moderne turisme. Grunnlag for nye næringar skulle leggast. Vi skulle rydde opp etter tidlegare indutsri. Vi skulle skape optimisme og pågangsmot ved å satse i Fosnavåg: fiskeri, fiskemottak, fiskeforedling, offshoreverksemd, handel, kafe og restaurantar, båtkultursenter, rederi, hotell, konserthus, Sunnmørsbad, fjord og fjell skulle hand i hand med turisme skape nye arbeidsplassar, gjere Fosnavåg og Herøy til noko unikt som andre snakka om og ville besøke! Og ikkje minst ein triveleg plass å bu!

Denne utviklinga skulle byggje på samarbeid mellom innbyggjarane, handelstanden, næringslivet, fiskarane, redarane, reiselivet, kulturen, organisasjonslivet og kommunen. Vi skulle alle drage same veg for å lukkast! Det har vi gjort før, og skulle gjere det no.

Men slik vart det ikkje desverre! Det vart splittelse med knappast mulig fleirtal!

Denne feilen må rettast opp! Saka må takast opp att!

Vi ønskjer å gjenreise optimismen i Fosnavåg! Vi ønskjer at hamna skal utvikle seg og fortsatt vere den levande livsnerven den har vore sidan Fosnavåg sine fyrste dagar! Næringslivet skal vere velkomne! Reiselivet skal blomstre! Folk skal slå seg ned og oppfylle draumane for seg og sine!

Det er våre forventning til ordførar og kommunestyre!»