Tankar etter ein sommarferie

Etter ein lang sommar, er det igjen full fart i politikken. Vi har mykje å jobbe for framover.
Fritt Ord

Ei sak Sande Vest vil arbeide for å få på agendaen er gjenopning av Sandsøy skule, i første omgang barneskulen.

Å ha barneskular på øyane bør vere eit minimum, meiner vi. Vi bad om meir tid på grunn av initiativet og aktiviteten som er på Sandsøya. Initiativet hadde ikkje kome, ifølge dei som stemte for nedlegginga. Dette stiller vi oss heilt uforståande til. Alle som fylgjer med veit at initiativet her på øya både frå innbyggjarane og næringslivet er enormt.

No signaliserer Rosenlund Hamn, at sjølv om under halvparten av deira utlyste stillingar er besatt, kjem der familiar med til saman 11 (!) born flyttande utover på Sandsøya. Var vi for raske på avtrekkaren med omsyn til skulenedlegginga?

Spørsmålet vi no vil stille er kor mange barn må til for ei gjenopning?

Næringslivet i kommunen blomstrar som aldri før, kven hadde trudd det for 10 år sidan? Men støttar vi dei nok? Vi må verkeleg vise at vi spelar på lag med næringslivet i alle bygder i kommunen, og vi må legge til rette for bulyst i alle bygder i kommunen for no peikar pila verkeleg oppover. Skal vi ha nye folk inn, må der også vere stadar desse kan bu, i alle bygder. Vi i Sande Vest meinar at Sande kommune har alt å tene på å verte flinkare på å arbeide betre for alle bygder.

Sande Fastlandssamband har verka som eit prosjekt som har blitt drege fram frå skuffa kvar gong det har vore eit møte eller liknande. Dette har ikkje vore godt nok. Den seinare tida har vi sett at der «er lys i tunellen». Då er det opp til administrasjon og politikarar å samle seg og ta tak for vidare framdrift. Sambandet er eit vere eller ikkje vere for Sande kommune. Sånn er det!

Etter ein lang ferie, håpar vi at mange har tenkt seg om i forhold til siste halvårs utvikling. Det politiske klimaet har vore prega av ugreie og splittelse. Dette er destruktivt for kommunen i lengda. Vi i Sande vest håpar at dei store tankane og orda etter valet hausten 2019 – «Sande ilag» – kan verte tekne meir på alvor, av alle.

Styret i Sande Vest