Bjørn Martin Aasen:

Opprørt og skuffa over eige parti

Fritt Ord

Eg er opprørt og skuffa over at ei samla Ap-gruppe gav det sterkaste bidraget til at Fosnavåg for framtida vert nedbygd som fiskerihamn, at fiskeindustrien i framtida må finne andre stadar å utvikle seg på, og at den positivitet og framoverlente haldning både kommune og næringsliv har hatt for Fosnavåg og kommunen si næingsutvikling er skusla bort!


17-16 for skrinlegging av Fosnavåg hamn-prosjektet

Kommunestyret gjorde torsdag kveld endeleg vedtak om å skrinlegge utdjupinga av Fosnavåg hamn. Men det vart jamt.



Dette skjedde rett før Fosnavåg hamn-avgjerda: Kommuneadvokat skulda for å drive politikk

Kommunedirektøren og kommuneadvokaten fekk orientere kommunestyret like før avgjerda om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet. Det vekte reaksjonar frå politikarane.



Kommuneadvokaten slår tilbake mot skuldingar om politiske ytringar og inhabilitet

Kommuneadvokat Reidar Andresen meiner det ville vore ein unnlatingssynd om han ikkje trekte fram konkrete risikoelement i Fosnavåg hamn-prosjektet. Påstandar om eigeninteresser i saka karakteriserer han som heilt grunnlause.


Ja eg meiner skusla bort av det partiet eg har jobb for og trudd på i snart 50 år! At det skulle verte mitt parti som sette «spikeren i kista» for vidare utvikling av fiskeri og næringsverksemd i Fosnavåg hadde eg aldri trudd! Men no veit eg det!

Vi skulle utvikle Fosnavåg sine særleg fortrinn, vi skulle ha noko unikt by på i kombinasjonen av ei levende fiskerihamn, aktiv fiskeindustri og moderne turisme. Vi skulle skape optimisme og pågangsmot ved å satse i Fosnavåg : fiskeri, fiskemottak, fiskefored-

ling, båtkultursenter, hotell, Sunnmørsbad, fjord og fjell skulle hand i hand med turisme skape nye arbeidsplassar, gjere Fosnavåg og Herøy til noko unik som andre snakka om og ville besøke.

Herøy Ap har gjennom si stemmegiving og manglande evne til å sjå framover skusla bort denne muligheit. Det skal mykje til å rette dette opp!

Eg er skuffa!

Bjørn Martin Aasen

(Innlegget er saksa frå Facebook, med godkjenning frå forfattaren. Red.)


Kvifor ville Herøy Arbeiderparti satse på vidareutvikling av Fosnavåg fiskerihamn?

Jau, fordi Fosnavåg Pelagic og Fosnot ville satse, investere og vidareutvikle seg i hamna.



Jon Georg Dale om skrinlegginga av Fosnavåg hamn-prosjektet:

– For meg er det komplett uforståeleg at ein skusla vekk denne moglegheita

Dalsfjordingen som i fjor sommar troppa opp på Allmenningskaia i Fosnavåg med 108,5 millionar kroner forstår lite av Herøy kommunestyre si skrinlegging av hamneprosjektet.



– Dette var ikkje ei båtlengd føre

Søre Sunnmøre Fiskarlag seier seg svært skuffa etter kommunestyrevedtaket om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet.