Kommentar frå tidlegare ordførar Arnulf Goksøyr:

Om Fosnavåg hamn og integritet

Konsekvensen av vedtaka som noverande regime står føre er at Fosnavåg hamn vert omgjort til småbåthamn for framtidige Fosnavåg Yacht club.

vignettbilde  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

Eg let meg overraske i kommunestyrsaka om utdjuping av Fosnavåg hamn. Det vart tidleg avklart av Kystverket og kommune at prosjektet kravde eit sjøkantdeponi. Det vart tidlig lagt til rette for eit deponi for ureine massar i ytre del av Fosnavåg hamn. Dei største motstandarane var Ap og Folkelista, og prosjektet vart såleis omdøypt til giftdeponi.


17-16 for skrinlegging av Fosnavåg hamn-prosjektet

Kommunestyret gjorde torsdag kveld endeleg vedtak om å skrinlegge utdjupinga av Fosnavåg hamn. Men det vart jamt.



Dette skjedde rett før Fosnavåg hamn-avgjerda: Kommuneadvokat skulda for å drive politikk

Kommunedirektøren og kommuneadvokaten fekk orientere kommunestyret like før avgjerda om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet. Det vekte reaksjonar frå politikarane.



Kommuneadvokaten slår tilbake mot skuldingar om politiske ytringar og inhabilitet

Kommuneadvokat Reidar Andresen meiner det ville vore ein unnlatingssynd om han ikkje trekte fram konkrete risikoelement i Fosnavåg hamn-prosjektet. Påstandar om eigeninteresser i saka karakteriserer han som heilt grunnlause.


Ap fann det, etter mange rare krumspring, tenleg å få deponi på indre havn, også då med ei betydelig mobilisering for å stoppe deponi i ytre bydel. Giftdeponiet vart atter ein gong omdøypt, denne gongen til massedeponi. Lokkemiddelet for ei endra beslutning var 50 heilårs arbeidsplassar. Garantisten var Fosnavåg Pelagic sine store aksjonærar. Arkitekt bak forslaget var ein tidligare stortingsmann frå Ap.

Illustrasjon: – Fosnavåg hamn vert omgjort til småbåthamn for framtidige Fosnavåg Yachtclub (sitat Arnulf Goksøyr) 

Trenering av alle viktige saker, samt utskjemming av dåverande ordførar (meg), var tydeligvis ein hovedstrategi. Eg hadde visst vore i hemmelege møtermed Fosnavåg Pelagic i følge ein tidligare stortingsmann frå Ap. Ei stor samling fiskarinteressentar og industriarbeidarar var den gong fanga på bilde i indre hamn. Desibel måtte til då som no. (Tidenes største bløff iscenesett av Ap). Eg tippar nokon føler seg lurte så det rekk. Truverd kjem ikkje av eit trixy klapp på skuldra, men av reale handlingar.

Kor mange «hemmelige møte» Ap har vore regissør for i forkant av torsdagens beslutningar får vi aldri vite.

Det er lett å la seg rive med i ein situasjon når ein får kraftfulle åtvaringar og presentasjonar frå «fagfolk» før ein gjer beslutningar. Eg registrerer at ein også denne gongen hadde eit klart ønskje om å overumple kommunestyret i Herøy med ekstraordinære knep. Eit ukjent kort på handa som skal bikke ein tvilande varamedlem over på rett side.

På tampen av denne serieinnspurten kjem nye krefter til. Både kommunedirektør og kommuneadvokat bruker kraftfulle innlegg. Ein kan lure på om rolleforståelsen er inntakt. Advokaten skal vel ivareta kontrakter og jus. At kommunedirektøren driv utstrekt politikk og ditto svartmaling av tilstanden i Herøy, får meg til å tru at han har hatt lynkurs på varaordførarens kontor.

Når ein no har stemt over om Herøy kommune skal forskottere utdjupinga, og takka nei, var vel saka berre utsett til statlege midlar vert bevilga? At enkelte gambla og tapte avstem- minga, fortener ikkje å ende med ultimatumet no eller aldri.

Litt fakta: Herøy kommune har stort sett hatt positivt driftsresultat kvart år sidan 2002 bortsett frå 2008 ( finanskrisa). I 2019 skulle på ny alt gå til dunders, ifølgje ådåverande opposisjon med Ap og Folkelista som årlege spåmenn. Resultatet var eit overskot på 11 mill. Sjølv ikkje etter 16 år med elendighetsbeskrivelse kunne ein ta ibruk ordspråket «er du negativ lenge nok får du rett til slutt».

I sitt innlegg torsdag 27/8-3020 opplyste kommunedirektøren at Herøy kommune har runda 1 mrd i lånegjeld. Ved inngangen til 2020 var imidlertid gjelda på 853.364 mill kroner (stabilt siste 4 åra) Same åra er ubunde disposisjonsfond auka med 18 mill kroner og er på kr 58.900 i mai 2020. Det står pengar på bundne driftsfond på ca 17 mill kroner. I tillegg til dette har kommunen ein eigarpost i Tussa kraft på 16% noko som utgjer fleire hundre mill kroner. Alt dette utan innføring av eigedomsskatt.

Avslutningsvis ; Det einaste som er endra er at Ap har kledd av seg og vist seg nakne. Fosnavåg Pelagic treng ikkje deponiet framfor fabrikken sin, og kommunen «må» ikkje forskottere slik Ap ivra så voldsomt for truleg at taktiske grunnar.

Eg må få lov å referere til «den gamle landsmoderen»: Hold stø kurs

Stå opp for utdjuping av Fosnavåg hamn. Meirverdien ligg i ei levande hamn med store moderne fartøy i kombinasjon med fystflåten og sjarkflåten som leverer fisk til leverandørar

Den kan være vanskelig å måle, men ikkje for oss som har vakse opp i Fosnavåg.


Arnulf Goksøyr, tidlegare ordførar i Herøy


Kvifor ville Herøy Arbeiderparti satse på vidareutvikling av Fosnavåg fiskerihamn?

Jau, fordi Fosnavåg Pelagic og Fosnot ville satse, investere og vidareutvikle seg i hamna.



– Dette var ikkje ei båtlengd føre

Søre Sunnmøre Fiskarlag seier seg svært skuffa etter kommunestyrevedtaket om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet.



– Dette var ikkje ei båtlengd føre

Søre Sunnmøre Fiskarlag seier seg svært skuffa etter kommunestyrevedtaket om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet.