Kvifor ville Herøy Arbeiderparti satse på vidareutvikling av Fosnavåg fiskerihamn?

Jau, fordi Fosnavåg Pelagic og Fosnot ville satse, investere og vidareutvikle seg i hamna.
Fritt Ord

Fosnavåg Pelagic skulle bygge nytt mottak, nytt fryseri og ei ny filelinje for filetering av frossen makrell; ei investering på ca. 100 millionar kroner som ville gi 50 nye heilårsarbeidsplassar. Fosnavåg Pelagic var med Herøy-delegasjonen og fortalde om desse investeringane til Mørebenken og andre på Stortinget då vi var i Oslo og kjempa for forskottering av tilrettelegginga.


17-16 for skrinlegging av Fosnavåg hamn-prosjektet

Kommunestyret gjorde torsdag kveld endeleg vedtak om å skrinlegge utdjupinga av Fosnavåg hamn. Men det vart jamt.



Kommuneadvokaten slår tilbake mot skuldingar om politiske ytringar og inhabilitet

Kommuneadvokat Reidar Andresen meiner det ville vore ein unnlatingssynd om han ikkje trekte fram konkrete risikoelement i Fosnavåg hamn-prosjektet. Påstandar om eigeninteresser i saka karakteriserer han som heilt grunnlause.


Fosnot brukte som sitt sterkaste argument at ei utdjuping måtte til for at dei skulle kunne ta imot dei største ringnotbåtane i Fosnavåg.

Med slik satsing var det ingen tvil om at vi politikarane måtte vere med å legge til rette for dette.

Men kva skjer?

Fosnavåg Pelagic legg bort planane sine om nytt mottak, nytt fryseri, ny filelinje for frossen makrell og 50 nye heilårsarbeidsplassar.

Fosnot byggjer nytt anlegg på Mjølstadneset for å ta imot dei største båtane.

Når dei to største aktørane innanfor fiskeri på indre hamn legg bort sine tidlegare planar for vidareutvikling av Fosnavåg som fiskerihamn, vert det etter vårt syn vanskeleg å argumentere for at kommunen skal bruke 70-100 millionar for tilrettelegging på indre hamn.

Dei andre aktørane på indre hamn treng ikkje utdjuping for sin vidare eksistens.

Partiprogrammet vårt vart skrive då desse to bedriftene stod på barrikadane med sine planar for vidareutvikling i Fosnavåg hamn. Når føresetnadane no har endra seg så radikalt, ville det vere direkte uansvarleg av oss som parti å gå for ei slik investering på indre hamn.

Herøy Arbeidarparti har jobba aktivt for utvikling av Fosnavåg. Dette arbeidet vil vi prioritere også i framtida.


Fosnavåg 31.08.20.

Kommunestyregruppa Herøy Arbeiderparti


– Dette var ikkje ei båtlengd føre

Søre Sunnmøre Fiskarlag seier seg svært skuffa etter kommunestyrevedtaket om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet.



Jon Georg Dale om skrinlegginga av Fosnavåg hamn-prosjektet:

– For meg er det komplett uforståeleg at ein skusla vekk denne moglegheita

Dalsfjordingen som i fjor sommar troppa opp på Allmenningskaia i Fosnavåg med 108,5 millionar kroner forstår lite av Herøy kommunestyre si skrinlegging av hamneprosjektet.