Sandsøy skule og utleige av klasserom

Las i Vestlandsnytt 14.08. at det er søkt teknisk eining om å få bruke nokre klasserom ved skulen på Sandsøya til utstillingar og kurs . Søkjaren søkjer på vegne av seg sjølv og andre. Ref Vestlandsnytt.
Fritt Ord

I dagens situasjon ser eg på bygningsmassen som ein barnehage med ledige rom. Etter det eg kjenner til so er det ikkje opna for fri ferdsel av folk flest i noko av dei barnehagar eller skulebygg vi har i kommunen.

Bygda tapte skulen og elevane går no på skulen på Kvamsøy. Bygda sit no att med ein barnehage vi må ta godt vare på. Borna og tilsette i barnehagen må få oppleve gode og trygge forhold både ute og inne. Dette er uansett kva situasjon landet er i .

Det har vore nok uro og negativt i prosessen rundt skulenedlegginga som gjekk over fleire år.

Det har ,meiner og trur eg , vore praksis når ein skule vert nedlagt so inviterer kommunen bygdefolket til dialog om korleis ledig byggmasse skal nyttast til beste for bygda og kommunen. På Sandsøya må det sjølvsagt ha hovudfokus på barnehagen slik at det ikkje vert ei belastning for denne.

Tok det då som ein sjølvfylgje at søknaden var avslått grunna korona-pandemien og at det i bygget er ein barnehage.

Eg vart overraska når eg forstår at saka om utleige/leige skal handsamast av NTM- utvalet allereie den 26.08.20. Som politikar i to periodar så ser eg i saka at her er mykje som ikkje harmonerer. Søknaden kom inn den 11.08. og er ferdig behandla av teknisk etat sin sakshandsamar Kjell Martin Vikene den 12.08. Konstituert kommunedirektør har tilrådt utleige alt veka etter.

Er denne søknaden ei hastesak ? Er denne saka allereie ferdig politisk handsama ?

Eg ser også at denne saka ikkje har vore ute på høyring. Det ville vere naturleg - som tidlegare nemnt - at bygdefolket eller bygdelag hadde uttale seg i saka. Det ville vere heilt naturleg og sjølvsagt at Sandsøy barnehage og dei som har med barnehagedrifta å gjere fekk uttale seg i saka. Det ville også vere heilt naturleg at smittevernlege uttalte seg i saka.

Minner om at her opnar ein for utleige alt frå komande år. Kva veit vi om pandemien den komande tida og det komande året?

Er det slik at ein opnar for bruk av ledige lokalar ved Sandsøy barnehage eller andre offentlege bygg så bør det gå ut informasjon om dette til folket.

Formelt sett så legg no denne saka grunnlaget for at bygdefolket no må henvende seg til rådhuset for å leige eller låne det som er disponibelt areal til ulike føremål. Vert det også slik at ein må til rådhuset for å hente og levere nøklar?

Eg går offentleg ut med mi meining slik at alle partar er orientert også bygdafolket. Forresten er her ikkje også ei SF0- ordning tilknytt barnehagen ?

NTM —utvalet skal handsame denne hastesaka og eg kjem med ein del problemstillingar og synspunkt som er fråverande i saksutgreiinga. Eg oppfordrar Dykk til å utsetje saka , ta ei synfaring gjerne saman med dei som har med smittevern å gjere. Sjå sjølve kva de vedtek.

Det er på tide at borna på Sandsøy/ Voksa får ro og forutsigbarheit. Dette har også med miljø å gjere.

I sakspapira står det at konsekvensane for folkehelsa er positive konsekvensar knytt til utleige. Er det positivt for folkehelsa å tilføre smittepress til ei offentleg bygning som husar ein barnehage ?

Under konsekvensar for born og unge står det eit nei. Er det teknisk sektor som skal vurdere konsekvensar for born og unge i dagens situasjon ?

I Vestlandsnytt les eg at det er søkt om vederlagsfri leige og i sakspapira står det at utleige ikkje har økonomiske konsekvensar. Når eg låner eller leiger noko utan å betale noko so veit eg at den som har lånt meg noko sit med utgiftene. Er det andre normer for kommunale bygg ?

Saka ber preg av hastesak, hastverk og overkøyring av dei som skulle ha uttalt seg i saka. Eg vil kalle denne saka for dårleg handverk.

Sender kopi til dei eg trur kan vere part i saka.