Framtidig juvel eller skamplett?

Komande torsdag har Herøy kommunestyre ei svært viktig sak til behandling. Ho vil vere avgjerande for den framtidige utviklinga av Fosnavåg hamn og sentrum.

FOS­NA­VÅG HAMN: Torsdag gjer Herøy kommunestyre endeleg vedtak om framtida til Fosnavåg hamn.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Dersom politikarane går inn for kommunedirektøren si tilråding vil den dramatiske konsekvensen av det bli at ordføraren på vegner av Herøy kommune må sende melding til departementet og takke nei til å ta imot staten si sjenerøse gåve/forskottering til utdjuping/miljøoppreinsking av Fosnavåg hamn på heile 108 mill. kroner!! Dette har skapt sterke reaksjonar i turistnæringa, næringslivet, handelsstanden og befolkninga elles. Vi har tillit til at politikarane forstår dei alvorlege konsekvensane dette vil få for den livgjevande hamna og Fosnavåg sentrum som omkransar denne, si framtid.


Risikoen er for stor:

Kommunedirektøren vil avslutte hamnesaka

Stor økonomisk risiko får kommunedirektøren til å tilrå at ein ikkje går vidare med utdjuping av Fosnavåg hamn.


Frå alle politiske parti i Herøy har det over fleire år vore jobba aktivt inn mot staten for å kunne sikre statlege midlar til utdjuping av hamna. Gleda var stor då dåverande samferdselsminister Jon Georg Dale før valet i fjor haust troppa opp på Almenningskaia med den gledelege bodskapen om at regjeringa ville forskottere hamne- utbygginga med 108 mill. kroner. Dale såg behovet og viktigheita av å utvikle Fosnavåg hamn, og var glad for at regjeringa kunne kome med eit vesentleg bidrag i spleiselaget – og dermed styrke fiskerimiljøet i Herøy.

Fosnavåg har frå naturen si side vorte velsigna med ei unik og lun hamn som ligg svært sentralt til og store verdiar av fisk blitt ført i land frå dei rike fiskebankane rett utanfor stovedøra vår. Mange ser tilbake på dei store sildeåra på 1950-talet, då både hamna og Holmefjorden var fylt opp med båtar frå heile landet – og det var eit yrande liv. Det er fiskeressursane som i stor grad har vore med å skape den sterke veksten og utviklinga vi har hatt i Fosnavåg og kommunen, og dette bør også danne grunnlag for vidare satsing. Alt ligg til rette. Fiskeressursane ligg tett på oss, og fisken er ein fornybar ressurs som vil skape store verdiar også i framtida. Spesielt gledeleg er det at mange unge satsar på sjarkfiske, og har investert i moderne sjarkar. Det vitnar om optimisme og framtidstru. Difor er det viktig å legge til rette for nye generasjonar som vil satse på havet som ressursgrunnlag, enten som fiskarar eller som gründerar som ser moglegheiter i utnytte marine resursar på nye måtar i landbasert verksemd. For å lukkast med dette er det heilt nødvendig å foreta den lenge planlagde utdjupinga/miljøoppreinskinga no. Dette er ei investering for å sikre framtidig næringsgrunnlag basert på havets ressursar, og som på litt sikt vil gi kommunen gode og sikre skatteinntekter.


Stort engasjement før Fosnavåg hamn-avgjerd:

– Utvikling av hamna er avgjerande for Fosnavåg si framtid

– Dette er sjansen ein får til å sikre at Fosnavåg er ei båtlengd føre. Seier ein nei til utdjuping, vil Fosnavåg hamn snart vere ei spøkelseshamn.


I tillegg til å legge til rette for etablert og ny næringsverksemd relatert til havnæringane vil ei oppgradering av Fosnavåg hamn også ha stor betydning for kommunen si satsing på reiseliv og opplevingar. Alle politiske parti proklamerte under valkampen at ein vil prioritere satsinga på turisme/reiseliv, der byutvikling og oppgradering av «juvelen» – Fosnavåg hamn – skulle prioriterast.

Det er spektakulært når store båtar kjem sigande inn og ut av hamna, gjerne med full last. Dette er ein attraksjon som ingen andre kan by på. Med å seie nei til utdjuping/miljøtiltak vil denne unike opplevinga forsvinne. Konsekvensane kan elles bli at bedriftene i hamne- området vil forsvinne, aktiviteten og båttrafikken på hamna vil minke – og hamna vil til slutt bli liggande igjen som ei miljøbombe – og ein stor skamplett.

Ei slik utvikling vil i neste omgang gi negative konsekvensar for busetnaden og trivselen for folk flest, for reiselivet, næringslivet, hotellet, serveringsstadane og ikkje minst handelsstanden som allereie har store utfordringar.

Er det verkeleg slik vi ynskjer at utviklinga i Fosnavåg skal bli i framtida?

Det kviler eit stort ansvar på politikarane i denne saka. Her gjeld det å løfte blikket, ha vyer, og evne til å tenke innovativt og framtidsretta – å vere ei båtlengd føre.


Fosnavåg hamn-kostnaden kan bli på over 200 millionar kroner

Vil ha næringslivet med på spleiselag

Vilja til å gjennomføre hamneutdjupinga på indre hamn er der framleis, men formannskapet fryktar dei mange risikosidene ved prosjektet. Eit bidrag frå næringslivet kan bli heilt avgjerande for utfallet av saka.