IOGT Region Midt-Norge:

Fotball og alkohol – treng det å bli den nye idrettsmiksen?

Lesarinnlegg frå IOGT Region Midt-Norge:

Regionleiar Per-Arne Lillebø og informedarbeidaer Hjørdis Almelid Vikenes.  Foto: Jenfrid Vikenes.

Fritt Ord

Norges Fotballforbund (NFF) har tidlegare vedteke at det kan verte lov å selgje alkohol i samband med fotballkampar.

– Idretten har tidlegare sagt at idrett og alkohol ikkje høyrer saman. Kva er det som har endra seg her slik at eit særforbund no ynskjer å blande idrett og alkohol i ein ny miks? Vi i IOGT tenkjer at dette er ein heilt unødvendig kombinasjon. La idrettsopplevingane for born og unge framleis vere rusfrie. Det meiner regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

I dei vedtekne endringane i frå NFF ligg det i vedtaket at det er opp til kvar einskild kommune å vedta slike skjenkeløyver.

Seniorrådgjevar Håvard Øvregård i Norges idrettsforbund (NIF), er tydeleg på at dei ikkje vil ha alkoholservering i tilknyting til konkurranseaktivitetar.

– Servering i tilknytning til konkurranseaktivitet øker risikoen for at det er personer som er beruset på tribunene og det øker risikoen for at barn og unge skal møte alkohol i en idrettssammenheng, uttalte Øvregård til NRK 26. februar i år.

NIF er opptekne av at born og unge skal komme til eit alkoholfritt miljø når dei kjem til idrettsanlegg, og at det som skjer på tribunene skal vere både trygt og familievennleg.

–Vi håper at Norges Fotballforbund vil revurdere dette vedtaket, og at ein gjer det no før ein opnar opp for endå fleire fotballaktivitetar etter nedstenginga i samband med covid-19. Det er inga skam å snu, heiter det på “turspråket”. For borna og dei unge sine opplevingar på fotballbana vil vi i IOGT oppmode Norges Fotballforbund til å ta omsyn til dei unge. Difor håper vi på eit nytt og framtidsretta fotballvedtak på borna sine premissar, som gjev dei gode opplevingar utan alkoholsal også i framtida, seier infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes i IOGT Region Midt-Norge.