Ragnvald Andås om automatisk straummåling:

"Hallo!"

Stengevarsel: Mørenett sender stengevarsel til 80 kundar som nektar å få installert automatisk straummålar. Og mange fleire risikerer å få stengevarsel etter kvart.  Foto: Arkiv

Fritt Ord

80 abonnentar til Mørenett er så oppegåande at dei nektar instalajon av AMS-målar. Fantastisk. Tenk at vi har så mange oppegåande, fornuftige menneske i nærområdet vårt som gjer motstand mot ei «totalitær» overmakt, som Mørenett gir seg ut for å vere i kommunikasjonsforma dei bruker for å innføre nye AMS-målarar. Det er mange som har mykje å innvende mot desse nye målarane, og enda fleire som reagerer på framgangsmåten ting vert gjort på. Men når vi har så mange handlekraftige abonnentar, vil eg oppfordre alle desse til å kontakte meg. Tenk om vi kan gjere noko saman i denne saka.

Folk flest er sløve overefor dei negative sidene ved desse smart-målarane. Nettselskapa seier halvsanningar og usanningar for å presse folk til å godta instalasjonane. Og no trugar dei med stenging av straumen om ein ikkje er lydige.


Mørenett sender ut stengevarsel:

80 kan få stengd straumen

Mørenett varslar at dei no vil sende ut stengevarsel til 80 kundar som nektar å få installert automatisk straummålar.


Totalitært.

Der er mange grunnar til at folk ikkje vil ha AMS-målar. Nettselskapa vil ikkje høyre på nokon av grunnane. Dei er stort sett arrogante, viser til NVE og Statens strålevern for å føre ansvar over på andre. Men det er stadig fleire som opponerer mot denne overmakta. Det er også fleire organisasjonar som er svært aktive for å få bort dette svineriet

«Stopp smartmålerne» har mottoet; «Sammen om privatliv, helse, sikkerhet og norsk strøm!» Organisasjonen femner vidt, og gjer eit svært godt arbeid for saka. Du finn dei på nettet, og kan melde deg inn og støtte ei god sak og ikkje berre vere likegyldig, sjølv om du ikkje stoppa smartmålaren til ditt abonement.

«Folkets strålevern» har fokus på helsemessige farar ved elektromagnetisk stråling. Du finn denne organisasjonen på nettet, og der er massive forskningsressultat som syner at friske folk over tid kan vert alvorleg sjuke av langt lavarte strålingsverdiar enn det Statens strålevern meiner er forsvarlege grenseverdiar. Så Statens strålevern gjer ikkje den jobben dei skulle ha gjort for deg og meg for å verne oss mot helsefarleg stråling. Eg oppmodar folk å melde seg inn i Folkets strålevern. «Det du ikkje veit (noko om), har du vondt av.» Meld deg inn i dag, og orienter deg om kva som sviv i lufta der du er, og stel din og andre sin gode nattesøvn, helse og velvære.

«Felo» er organisasjon for el-overfølsomme. Det er stadeg fleire som vert fysisk sjuke av stråling fra mobiltelefoni, WiFi, Smart-målarar og anna trådlaus kommunikasjon. Alt dette unødvendige med trådlaus kommunikasjon skjer i fråvær av kunnskap om skadane ved det, og er minst like skadeleg som tobakksrøyking. Takka vere Kristeleg Folkeparti fekk vi for nokre år sidan ei røykelov (mot folkeopinionen), som sette stopp for tobakksrøyking i offentlege rom. (no lovprisar alle denne lova.) Vi får vone at det partiet ein dag greier å sette stoppar for trådlaus kommunikasjon også. Felo har svært gode artiklar og opplysning om stråling og helsemessige faktorar. Gå på nett: felo.no

Orienter deg, ver ikkje dum med hovud under arma, og arma i bind. Du får ikkje erstating for at du får nedsett helse, utmatting , nervesjukdomar ol av trådlaus kommunikasjon, telefoni, WiFi og AMS-straum-målar. Alt dette er minst like farleg som å leve på «Cirkel K» mat. Du gjer med livet ditt og dine næraste som du vil. Det er ditt ansvar for at dine skal kunne ungå alvorlege symtom og sterke helseplager, når du ikkje bryr deg å setje deg inn i sakene du styrer med til dagleg. Lukke til.

Men alle de 700 som ikkje vil ha Smart-målar. Ver venleg å ring meg. Tenk om vi kunne gjere noko saman, som kunne få folk flest til å tenkje.