Leiar Møre og Romsdal Idrettskrets:

"Vi tar denne òg"

Fritt Ord

For alle oss som er glade i idrett har denne våren og sommaren vore vanskeleg. Og no er det klart at hausten blir vanskelegare enn vi hadde både håp om og tru på. Med stopp i breiddeidretten for vaksne i uoverskodeleg framtid veit vi at mange av våre idrettsleiarar no kjenner på tungsinnet. Klart vi alle har lov å vere skuffa, men det er no vi må vise kva norsk idrett er tufta på. Er det nokon som opp gjennom historia har løfta samfunnet i flokk så er det idretten. Det skal vi gjere no og. Koronaviruset handterer vi ikkje med trass og sinne men med felles og samordna innsats.

Eg er heilt sikker på at «vi tar denne og».

Ingen ting blir betre av at oss misser motet. Er det nokon gong barn, unge, vaksne, ja heile samfunnet har bruk for entusiastiske idrettsleiarar med massevis av kreativitet, ja så er det no.

Det er akkurat slike idrettsleiarar vi har i Møre og Romsdal. Vi kan kvar enkelt av oss berre sjå oss rundt for ein jobb som vert gjort i idrettslaga. Det er all grunn til å vere er stolte over den jobben som vert gjort - kvar einaste dag. Ikkje ta dette som ei sjølvfølgje. Sjå kvarandre, gje ros.

Idretten for barn og unge fekk starte opp igjen innanfor eit stramt smittevernregime 1. august. Det var flott å oppleve all den oppdemma begeistringa som kom fram. Men det var og flott å sjå at ansvarlege leiarar organiserer aktiviteten slik at ein og tek omsyn til den smittefaren vi framleis har i samfunnet. Fortsett med det. Den situasjonen heile samfunnet er inne i er alvorleg. Ein ansvarleg idrettsaktivitet er ein del av løysinga som skal bringe oss ut på andre sida med like levande og gode lokalsamfunn som før 12. mars.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at skuffelsen over at all breddeidrett ikkje fekk starte opp igjen no er betydeleg. Vi i Møre og Romsdal idrettskrets deler heilt ut utolmodigheita. Men vi er og heilt klare på at vi som idrettsleiarar må vere lojale overfor det dei som har ansvaret for smittevern bestemmer.

Idretten har eit stort samfunnsansvar. Det inneber at vi og må møte motgang og dei utfordringane vi får med rak rygg. Vi veit nedstenginga av breiddeidretten vil få dramatiske konsekvensar både for lokale idrettslag, lokalmiljø og ikkje minst enkeltpersonar. Men å bryte med anbefalingane frå helsestyresmaktene er ikkje eit alternativ. Og er det nokon som veit kva dugnad for folkehelsa er, ja så er det idretten. Og vi går og ut frå at staten vil vere ein svært aktiv part når vi ein gong og ikkje for lenge igjen får starte opp, ja vi forventar at idrettslaga vert gjort i stand til å betale renter og avdrag både på anlegg og utstyr.

Vi er alle lei oss, frustrerte og utolmodige, ja mange kjenner på mismotet. Skal alt vi har jobba for år etter år berre bli borte. Klart det ikkje skal det, men det er ei utfordring å halde entusiasmen og idrettsgleda hos dei som ikkje får delta i sommar. Det er no vi må vise kvifor den norske idrettsorganisasjonen er beste i verda. Vi skal saman komme gjennom denne utfordringa.

Som leiar i Møre og Romsdal idrettskrets har eg fått sjå mykje av den kreativiteten som har gitt alternative aktivitetar. Dette heier vi på alle. Det er vilje og entusiasme, nytenking og idrettsglede. Det er viktig at vi no heldt trykket. Gir kvarandre ros og hjelp.

Men eg har og sett fråfallet, mismotet og frustrasjonen. Mange lag slit både økonomisk, og med både aktive og leiarar som no gir seg. Det er vårt felles ansvar til å sørge for at gløden kjem tilbake.

Norsk idrett har ikkje ein einaste ein å miste. Det er vårt felles ansvar et vi kjem gjennom denne pandemien med fulle lag. Då er nettopp din innsats viktig. «Idrett for alle» er norsk idretts motto. Aldri har dette vore viktigare.

Idretten har ei tøff tid. Men vi klarer den siste runden og - saman.

Kåre Sæter

Leiar Møre og Romsdal Idrettskrets