Røktaren på Moltufjellet:

"Sommargåve frå ein turgåar med hund"

Hundeskit 

Fritt Ord

Denne sommaren er eg så heldig å få arbeide og bu på Moltufjellet. Der står eg opp ilag med småfuglane kvar morgon for å stelle kyrne, og eg tek kveld når alle arbeidsoppgåvene på garden er utførd og siste turgåar er kome ned frå fjellet.

Ein hende gong rekk eg å setje meg ned ved kjøkenbordet, ta meg ein kjeft kaffi og sjå på sola som går ned over Nerlandsøya, eller skodda som kjem krypande opp bakkane og til fjells.

Frå kråa mi her ved kjøkenbordet kan eg av og til få auge på folk som går på tur, enten på veg opp på fjellet eller på veg heim. Det synest eg er trivelig, å sjå andre also, for her jobbar eg stort sett åleine.

For nokre dagar sidan fekk eg til og med levert ei sommargåve frå ein ukjend turgåar med hund. Ein lekker svart og glinsande avføringspose med rykande ferskt innhald!

Denne turgåaren tok seg tid til å plukke opp lorten for så å henge gåva opp på ein av elektriskgjerde-stolpane framfor hytta der eg bur. Eg er sjølv hundeeigar, og har såleis full forståing for at hunden din vert «dritatrengd» når den får bli med til fjells.

Det går faktisk heilt greit for meg om bikkja di må gjere «nummer to» akkurat der nedanfor terrassen min. Og sjølvsagt set eg utmåtelig stor pris på at du tek oppatt kammaren og puttar den i ein pose.

Men i staden for å henge presangen på stolpen, kunne du berre tatt turen opp på terrassen og avlevert sommargåva di der! Eg hadde varm kaffi på kanna! Ja, til og med nesten nysteikte vaflar hadde eg! For besøk set eg pris på, skjønar du! Og hadde du spurt meg, skulle eg nok greie å ekspedere innhaldet i posen på forsvarlig måte.

Men sidan du valde ei anna løysing, så lurer eg litt på…? Korleis har du det inni deg, når du gir frå deg «nykabla hondedrit» i gåve?? Stolt, glad og fornøgd? Eller ønskte du å fortelje meg noko?

Tenke du at sidan det her luktar både «kuskjit» og fjøs, så kunne eg berre ta driten etter bikkja di også?

Du og sikkert fleire med deg tenker nok at jobben min her på fjellet er lite verdt i den store samanhengen.

Og jada, kyrne drit dei også, så noko av jobben min kan nok kallast ein real «møkkajobb» når eg må gjere reint etter dei. Eg mjølkar kyrne to gongar kvar dag, eg må sjå til at alle får det dei skal ha av mat og drikke, eg må sjå etter om alle kyrne er friske, og eg må følgje med når det vert kalving. Nokre gongar må eg til og med opp på natta for å sjekke korleis det står til. Ansvaret er stort og arbeidsdagen kan vere lang, og kyrne tek ikkje pause i helgane og sånn.

Likevel synes eg at dette er ein god og verdifull jobb, for det er her vi produserer råvarene som lagar maten din. Isen, osten, mjølka, smøret, yoghurten, rømmen, grauten, biffen og til og med tacokjøtet kan du adressere til ein slik stad som garden her på Moltufjellet. Alt dette kjem ikkje av seg sjølv, skjønar du. Utan kyrne, bøndene og røktarane og den jobben vi gjer kvar ein einaste dag, vil vi alle bli veldig svoltne!

Ærleg tala! Eg synest faktisk ikkje at det var så hyggeleg å få ein slik presang i svart plastikkpose! Kan ikkje tenke meg at alle dei andre som går forbi her synest det er trivelig å bli ønska velkomen til fjells med ein pose «hondeskjit».

Vel, om det var slik at du ville henge posen der på stolpen for så å hente den då du kom nedatt frå fjellet, ja då er det godt gjort å marsjere rett forbi utan å «sjå» visittkortet der på stolpen og ta den med.

Sidan eg likevel har fått litt spalteplass her i den lokale pressa, så vil eg gjerne minne om at du som kjem til fjells med bil må huske å betale bompengar.

Og så er det er fint om du ikkje parkerer klin inni fjøsdørene her, dette fordi store bilar som skal levere og hente varer får problem med å snu. Nokre gongar er det også heilt nødvendig å arbeide med traktor på ein gard.

PS!

Du som hengde opp møkkaposen:

Den heng der endå! Du må kome å hente den snarast!

Viste du forresten at der oftast er straum i slike elektriske gjerdetrådar?

Fy flate du var heldig! Veldig heldig!


Sommarhelsing frå Røktaren på Moltufjellet