Spørsmål om Sande fastlandssamband

Torvald Baade Bringsvor tek opp spørsmål knytt til Sande fastlandssamband.
Fritt Ord

Må først beklage at eg ligg litt bakpå med lesing av Vestlandsnytt, men har no kome til 9. juni 2020 og starta med saka som har tittel «Vil ha evakueringsrom i Safast-tunnel».


Desse tryggingstiltaka tilrår vegvesenet i Safast-tunnelen

Statens vegvesen har kome med ei vurdering til ei komande sikkerheitsgodkjenning av Sande Fastlandssamband (Safast).


Det står «Det skal også skiltast med forbod for gåande, syklande og saktegåande køyretøy som traktorar».

1. Kva er definisjonen av saktegåande køyretøy? Eg har sjølv mopedbil som einaste køyretøy, betyr det at eg ikkje kan kome meg ut til Sandsøya for egen motor?

2. Så vidt eg forstår skal ikkje dette klassifiserast som motorveg, kvifor desse begrensingane på køyretøy i det heile? Og er det så mange traktorar som kjem til å køyre der at dette vil utgjere eit problem for trafikkavviklinga? Om ein bonde på Sandsøya skulle kjøpe seg ein traktor frå nokon på Åram, må han då leige ein trailer for å få transportert han over?

3. Er det tenkt noko på framtidig kollektivtransport? Det er ein del dagsturistar som vil kome på sykkel. Hvis dei heller ikkje kan kome til øyane vil det vere uheldig. Hadde det gått buss kunne ein ha teke med sykkel på denne. Kva er forresten veglengdene på dei ulike delane av tunellen? Det ligg eit kart på nettsidene til SF AS, men ser ikkje innteikna noko info.

4. Litt i samanheng med forrige spørsmål, meir ei betrakting enn eit spørsmål til slutt. Før sambandet blir realisert kjem det mest truleg til å vere autonome (sjølvkøyrande) bussar i vanleg drift. Ruter i Oslo driv i dag prøvedrift med slike, i samarbeid med ein dansk leverandør (eg tok faktisk ein slik på søndag, ganske artig). Her bør ein undersøke kva erfaringar ein gjer seg og om ein bør gjere tilpassingar på sambandet slik at ein enkelt kan bruke slike bussar.