Knut Arne Høyvik og skipstunnelen

Det er sjølvsagt enkelt nok for Knut Arne å referere til alle forlisa ved Stad opp gjennom åra. Men vi har mange nesten like vanskelege havstykke å passere vinters tid, skriv Gudmund Solstad i dette lesarinnlegget.

STAD SKIPSTUNNEL: Illustrasjonsfoto 

Fritt Ord

Eg trur Knut Arne har misoppfatta meg noko. Eg har ikkje noko imot denne tunnelen. Ein gong iblant vil nok vêret vere slik at nokre fartøy vil nytte han når han først er der. Elles er vel turistattraksjon eit viktig argument. At det i «gamle dagar» var ein god del forlis er det ikkje tvil om. Det var langt på veg vanleg med forlis med dei fartøya dei hadde til rådvelde den tida. Frå mine heimtraktar var det med livet som innsats når dei vinters tid skulle krysse Vestfjorden frå Salten til Lofoten i nordlandsbåten Åttringen og Jekta. Mange omkom også på den turen, anten til eller frå. Nokon tunnel der vert neppe aktuell.


Knut Arne Høyvik:

"Gudmund og skipstunnelen"

Knut Arne Høyvik svarer Gudmund Solstad om behovet for Stad skipstunnel i dette lesarinnlegget.


Tanken, og no prosjektet med Stad-tunnelen, er sjølvsagt ein konsekvens av den velstanden vi opplever i dag. Vi har råd til å byggje den. Vi «flyt over» av pengar her i landet, og veit snart ikkje kva vi skal bruke dei til. Her kan vi verte kvitt nokre milliardar.

Det er sjølvsagt enkelt nok for Knut Arne å referere til alle forlisa ved Stad opp gjennom åra. Men vi har mange nesten like vanskelege havstykke å passere vinters tid. Fartøya var usle i høve til dagens fartøy. Men Knut Arne tek hardt i når det gjeld talet på omkomne i dei forlisa han nemner. I 1594 forliste 15 skip og jekter. Kva han legg i omgrepet «skip» er ikkje godt å seie. Han skriv at 300 til 600 mista livet, då rekna han med at det var mellom 20 og 40 personar i kvart fartøy-.

Dette er heilt feil. Jektene hadde eit mannskap på mellom 8 og 10, alt etter storleiken. Ein treng ikkje lese mykje jektelitteratur for å få dette stadfesta. Høyvik kan slå opp i bøker av Karl Erik Harr, Olav Helseth, Alf Kiil, Svein Molaug og mange fleire. Eller eventuelt ta seg ein tur om bord i vår eigen «Anna Olava» og telje køyene.

Det er viktig at Samferdselsdepartementet får korrekte opplysningar når dei skal vurdere prosjektet nok ein gong.