Gledeleg at fleire unge avstår frå alkohol

I ei ny undersøking gjort av Folkehelseinstituttet hjå 15- og 16-åringar, svarar 68 av 100 at dei aldri har drukke alkohol.

IOGT: Regionleiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes.   Foto: Jenfrid Vikienes

Fritt Ord

Nokre av forklaringane til dette er at alkoholbruk har låg status, kva den lovlege aldersgrensa for alkoholkjøp er og kva tilhøve ungdomane har til foreldra sine. Dei unge tenkjer også over kva konsekvensar alkoholbruk i så ung alder kan gje dei på kort og lang sikt. Dette skriv Vårt Land 27. mai i år.

Vidare viser undersøkinga at forholdet mellom ungdomane og foreldra kan vere avgjerande for god rusførebygging.

– Dette viser at dagens unge klarer å tenkje på fleire ting samtidig, og det er gledeleg. Det er ein grunn for at vi har aldersgrenser for kven som kan kjøpe alkohol her til lands. Vidare syner undersøkinga også kor viktig det er at føresette er på bana som gode samtalepartnarar og rollemodellar for dei unge, understrekar regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

I saka i Vårt Land kan ein lese at: «Mange av de som ikke drikker alkohol, sier at -drikking har en lav status blant deres venner, noen ganger i en sånn grad at de føler et press til ikke å drikke.»

– Når ein vanlegvis snakkar om drikkepress, er det då gjerne slik at ein vert pressa til å drikke alkohol. I denne undersøkinga er drikkepresset for nokre omvendt, dei føler eit press til å ikkje drikke alkohol. Det er ikkje så ofte ein kan lese om eit slikt alkoholfritt drikkepress, seier infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes i IOGT Region Midt-Norge.

IOGT Region Midt-Norge dekkjer Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland.