På e-post til Vestlandsnytt:

Ny turistgruppe til Runde

I alle år har Runde og privat eigedom fått respekt og fått vere i fred. I år ser det ut til å skifte.

Led Runde  Foto: Rundeværing

Fritt Ord

Eg brukar å gå kvar veke eit par kveldsturar syd på Stranda. Der har ein som har fått lov, sett opp eit led som er låst med hengelås og kjetting. Vedkomande brukar plassen til å ha bobilen sin ståande der, og difor er plassen avsteng.

Men her ein kveld eg kom forbi, var den avstengde plassen opna. Nokon hadde kort og godt løfta opp ledet frå hengslene for å få tilgang til parkering. Null respekt for privat eigedom!

Rundeværing