Knut Arne Høyvik:

"Gudmund og skipstunnelen"

Knut Arne Høyvik svarer Gudmund Solstad om behovet for Stad skipstunnel i dette lesarinnlegget.

Stad skipstunnel: Noreg som ein av verdas fremste sjøfartsnasjonar bør ta denne investeringa i seglingsleia. Stad er den einaste staden langs kysten det er mogleg å byggje ein skipstunnel for å unngå eit farleg havstykke, skriv Knut Arne Høyvik i dette lesarinnlegget.  

Fritt Ord

I eit innlegg i Vestlandsnytt 9. juli kommenterer Gudmund Solstad mine hjartesukk over at Stad skipstunnel blir utgreia og utgreia, utan at noko skjer. Sjølv legg han ikkje skjul på at han meiner at ein slik tunnel ikkje er naudsynt. Han har to referansepunkt som bakgrunn for sitt standpunkt. Samtaler med ein skipper han kjenner og ein bestefar som var jekteskipper.



Sidan han tek oss med langt tilbake i tid og fortel om jektefarta, kan det vere greitt å ha med seg at ikkje alle var like heldige som bestefaren til Gudmund.

Presten og historikaren Absalon Pedersøn Beyer fortel om det som truleg er den største skipskatastrofen i fredstid:

I 1594 forliste 15 skip og jekter i same stormen på Stadhavet. Ein rekna med at det var frå 20 til 40 personar i kvar båt. Tala er litt usikre men mellom 300 og 600 menneske mista livet

I 1692 forliste 16 nordlands- jekter på Stadhavet på veg til Bergen med last. Ein stor del av mannskapet omkom. Diktar- presten Petter Dass var ein av dei som miste jekta si i denne stormen, og han har skildra hendinga i eit dikt.

1763 fortel Albert Dass at 14 nordlands-jekter forliste på Stadhavet, og mellom 15 og 20 menneske omkom.

I 1956 forliste snurparen «Brenning» frå Sørfold i Nordland, etter at han hadde trilla rundt. Redningsmannskap kunne høyre bankesignala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land, og 19 mann omkom.

I mars 1966 forliste frakteskuta «Olebjørn» frå Vestnes på Stadhavet, og fire menn omkom. Tre av dei var far og to søner.

1976 omkom to av mannskapet då det kjende forskingsskipet «Helland Hansen» forliste og sokk like nord for Stad. Båten fekk to store brotsjøar etter kvarandre og trilla rundt.

I 1983 omkom fire mann då lasteskipet «Raunefjord» forliste på Stadhavet

I 1984 omkom to personar då lasteskipet «Sun Coast» forliste utanfor Stad. Lista er lenger, men eg tok med nokre forlis ved Stad, også dei i riktig gamal tid, sidan Gudmund tar opp temaet med jektefart.

Etter andre verdskrigen har det vore 46 ulike sjøulukker ved Stad, og 33 menneske har mista livet. Den britiske skipinga National Geographic, som ikkje manglar vitskapsfolk, har kalla Stadhavet den mest vêrharde seglingsleia i heile verda. Dersom ein ser på vêrstatistikken på Yr.no får ein stadfesta påstanden.

Dagens båtar er sjølvsagt mykje betre og tryggare enn før. Stadhavet hindrar eller hemmar likevel skipstrafikken mange dagar i året, og vi kan faktisk gjere noko med det. Noreg som ein av verdas fremste sjøfartsnasjonar bør ta denne investeringa i seglingsleia. Stad er den einaste staden langs kysten det er mogleg å byggje ein skipstunnel for å unngå eit farleg havstykke.


Hovudet ville ikkje

For vel to år sidan susa både alderspensjonen og sjømannspensjonen inn på konto for fyrste gong. Endeleg, no kunne eg legge meg på sofaen, høyre musikk og lese bøker.