Gudmund Solstad:

"Når hovudet ikkje vil meir"

Fritt Ord

Knut Arne Høyvik har kvar veke, trur eg det er, interessante synspunkt på ulike sider ved livet her på kysten, og særleg så langt sør som til Stad, helst gjennom Stad. Han er jo ikkje aleine om å ønskje seg denne tunnelen.

Det er ikkje berre han som held på å misse tolmodet. For sanneleg har prosjektet stått på programmet i mange år no. Og framdrifta er om lag på same nivå heile tida. Det meste går no på kvalitetssikring av prosjektet. Denne sikringa meiner Høyvik er gjort fleire gonger, og skulle vere sikker nok. Tolmodet er oppbrukt for Høivik. Det er berre å setje i gang med sprenginga av holet i fjellet.

Men så sanneleg; Samferdselsdepartementet vil ha prosjektet greidd ut og kvalitetssikra nok ein gong. Det tek tid, og Høivik ser mørkt på oppstartinga av holet i fjellet Det kan gå både vetter og vår nok ein gong. Men sidan han sjølv ikkje har tenkt seg rundt Stad fleire gonger som skipper, kan det vere som det vil med sprenginga – langt på veg,

For nokre år sidan skreiv eg ei minnebok om min gode bestefar på morsida som var jektestyrmann, det vil i dag seie skipper på jekta. Han segla tallause gonger rundt Stad, og dei fleste her i Herøy veit kva slags fartøy denne jekta er. Ho er ikkje stort større enn ein av livbåtane på t.d. hurtigruta. Motor var heilt ukjend i heile jekteperioden, og seglet var av eldste type, nemleg eit råsegl. Den perioden det dreier seg om er frå om lag 1400 til 1900. Det hende nok ei jekt havarerte, men det var ikkje alltid rundt Stad. Det er fleire opne havstykke langs den lange kysten.

Medan diskusjonen gjekk på det varmaste, hadde eg god kontakt med ein kar som hadde vore skipper på ein kystlastebåt i 20 år. Dei henta fisk frå nesten kvart eit fiskebruk langs heile Nord-Norge-kysten, heilt frå Vardø og Vadsø, med lossing i Nord-Europeiske hamner. Han måtte rundt Stad kvar tur desse 20 åra, og større problem hadde han ikkje møtt. I alle tilfelle ikkje så store at dei ikkje fekk lasta levert i rett hamn på kontinentet. Men det greidde også desse relativt små fartøya, jektene. Er ikkje det merkeleg at moderne skip, må ein vel kalle dei, skal ha problem med å passere Stad i dag, hurtigrutene inklusive.

Når ein studerer seglingsrutene til desse små jektene, heldt dei seg nokså langt frå land. Nordlandsjektene starta til vanaleg «Stadhavet» allereie like sør for Kristiansund, og heldt seg utanskjers til dei kom godt forbi Stad med si dyrebare tørrfisklast. Det var livberginga for ei heil bygd som låg i lasta, slik at bygda kunne klare seg eit år til med det mest nødvendige dei handla i Bergen. Turen gjekk nesten alltid bra. Det er snakk om få haveri gjennom dei fem hundre åra, og ei mengd med jekter.

No er ikkje eg profesjonell sjømann, langt derifrå. Dei som kjenner meg veit kva eg har styrt med. Tre sommarferiar som dekksgut i skuletida fekk meg rundt Stad nokre gonger både nord og syd, men sommars tid var det sjølvsagt greitt nok. Tre år på dei store hav jorda rundt som radiotelegrafist er heller ikkje noko å leggje vekt på. Så mine synsmåtar har lite vekt. Men eg er ikkje heilt aleine om å stille spørsmål om kor viktig dette prosjektet er. Bestefar jektestyrmann fekk ikkje høve til å uttale seg, men eg trur han har snudd seg litt i grava under dei lange drøftingar i avisene i dei mange åra. Og fleire synspunkt kjem nok vidare i debatten.

Gudmund Solstad