Fritt ord:

Øystein Storeide spreier poesi igjen

Øystein Storeide  Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Bonden treng hjelp paa garden

So mang ein gardsgut, åleine lyt gå,
For jordi og Heimen, sitt stell må få.
Kvar gong han inn kjeme trøytt og sliten,
Står gamle koppen der, svart og "skiten".
Ved omnen sit ingen og passar varmen,
Kroppen er kald, og det skrik i tarmen.
Fort lyt ho av no, den våte trøya,
Han frys og kuldsar, må han i køya?
For varmen få att – ei einsam natt?

Nei, no lyt han springa på badet fort,
heite-vatn i vasken, og få det gjort.
Men kvar er ho som sku` ryggen vaska,
Kor lenge lyt han sjølv med dette «baska»?
Der rivna skjorta og bukseknappen,
Kven kan få det ordna, på «raude rappen»?

Tunge tak, - røyner bak;
Då sprekk saumen, med eit brak.
Kalde verte raua då,
Når trekken inn til skinn fær nå.
På garden trenge vi «sytraad-snelle»
Som bøte kan; kvar «onde-brellje!

Øystein Storeide