Fritt ord:

"Olaus-Jon pensjonist?"

Innlegg av Arnulf Goksøyr:

Herøy kommunestyre 2015: F.v. rådmann Olaus-Jon Kopperstad, ordførar Arnulf Goksøyr og fungerande varaordførar Tor Sindre Steinsvik.  Foto: Arkiv

Fritt Ord

1 juli var Olaus-Jon Kopperstad ferdig med sitt virke som rådmann i Herøy kommune. Ei lang og innhaldsrik ykt, som starta i januar 1982. I 1986 vart Kopperstad tilsett som helse- og sosialsjef. Ein jobb nokre hadde tiltenkt ein tidlegare politikar.

Som medlem i Utval for helse og omsorg vart eg fleire gonger forundra over at han la fram forslag om å organisere vekk si eiga stilling. I år 2000 vart han konstituert rådmann etter oppmoding i samband med Per Lervåg si oppseiing i 2000-2001 og fram til Rune Sjurgard vart rekruttert til ny rådmann. Olaus-Jon vart tilbode og tok posisjonen som assisterande rådmann i 2003, og initierte ei rekkje viktige omstillingsprosjekt i kommunen.

Då eg møtte første dagen som nyvalt ordførar, vart eg møtt med eit svært viktig prosjekt for Herøy kommune. 13 omstillingsprosjekt var definerte og etter kvart kalla stifinnarprosjektet. Dåverande kommunalminister Erna Solberg ønskte å bidra til modernisering av offentlig sektor, og stod bak dette viktige prosjektet.

Eit av arbeida som vart sett i sving, handla om å skape visjonar og retningsvisarar framover. Eg kan aldri slette inntrykket som førte til ei tre meter lang teikning, om Herøy kommune som skulle jobbe for å bli ei båtlengd føre. Olaus Jon hadde ei stø hand over prosjektet, og målet skulle føre til gode ambasadørar for herøysamfunnet. Utfordringar vart definerte. Stø kurs, unngå undervassminer, jantelov, undergraving.

Involveringsprosjekt var sett i gang. Utflytta herøyværingar vart kontakta for å fortelje kva som er viktige grep for å lokke heim folk. Folketalsvekst var ei drivkraft for å styrke næringsliv og halde alderssnittet på eit akseptabelt nivå. Olaus-Jon var ei styrande kraft i mange av desse sakene.

Han har hatt ei viktig styringsrolle i «Inkludering og mangfaldsprosjektet» som involverte Kleven Verft og Marine Harvest for også å integrere tilflytta arbeidskraft. Arbeidet fokuserte etterkvart på å styrke samspel mellom politi og skatteetat. Splitting av mynde og arbeidsoppgåver, gjorde arbeidet med import av kortsiktig og langsiktig arbeidskraft vanskeligare.

Arbeidet med fiberutbygging mellom kommunale bygg vart gjort med stor flid. Kopperstad la strategien for utbygginga og fekk til eit spleiselag med såkalla Høykom- midlar som betalte kommunen sin 50% andel medan Tussa betalte resten. Dette førte til betre dekning både for kommunen og næringsliv, og ei årleg kommunal innsparing på ein million kroner i fiberleige.

Olaus-Jon skal ha mykje takk for store utbyggingsprosjekt. Både tidlegare rådmann Sjurgard, og då ass.rådmann Kopperstad, gjorde det som stod i deira makt for å bidra til å løyse utfordringane med både hotell, konserthus, kino, simulatorsenter og parkeringshus. Særdeles viktig var også arbeidet han har bidrege med for realisering av Sunnmørsbadet.

Det er sjølvsagt mykje anna som kan nemnast om Olaus-Jon. Eitt av dei er at han heile tida har jobba til fordel for ein kommune som han er ekte glad i, og som har vore ein tråd gjennom heile hans yrkeskarriere.

Personlig har eg mykje godt å seie om Olaus Jon. Ein kar med stabilt godt humør. Stødig i storm og stille. Sans for humor ein god replikk. Evna til å irritere seg over dei som ikkje vil det beste for folk og samfunn. Og for dei som har behov for å sette merkelapp på folk, og mi oppleving er at han verken er arrogant eller konfliktsky. Han har gått inn i nødvendige saker med det ansvar kvar enkeltsak har krevd han. Å takle kritikk frå sine mange arbeidsgivarar i media, framfor ansikt til ansikt, kan nok tære på.

I vår tid vert det mykje snakka om seniorpolitikk for å halde kompetente folk i arbeid lengst mogeleg. Eg håper han med sin faglige kapasitet vert tatt med vidare i ei rolle for Herøy kommune. Eg fann det rett og nødvendig å peike på nokre av mange viktige saker Olaus-Jon har arbeidd med.

Eg registrerer at nokre ønskjer å gjere kommunestyresalen om til både avdeling for barnevern, klientutvalg og personalkontor. At fleire konflikter kan sporast til forsmådde arbeidstakarar, eller folk som ikkje har nådd opp verken i jobbsøknad eller lønskrav, er meir enn pinlig.

Han har i stor grad vist å kjenne sin plass som administrator og byråkrat. Skulle ønskje at andre i administrasjonen, samt ein del i det politiske miljøet, forsto kvifor kommunen er organisert som den er, og respektere rollefordelinga med nødvendig kløkt. Ein bekjent sa nokre kloke ord om nokon han hadde trøbbel med å ta på alvor.

Gode Olaus-Jon, ein kan ikke klandre folk for det dei ikke har evne til å forstå. Lykke til vidare.