Koronakrisa i kulturlivet:

Slik tok kommunane og fylkeskommunen grep

Kronikk: Denne våren har kulturlivet i fylket hatt harde kår. Som følge av koronakrisa vart ei rekke arrangement avlyst eller utsett etter pålegg eller råd frå helsemyndigheitene. Ei undersøking viser at fleire i kulturlivet er bekymra for både medlemsflukt og økonomiske vanskar, men òg at kommunane i fylket har sett i verk ei rekke tiltak for å redusere belastninga kulturlivet er utsett for.

Kulturdirektør Heidi Iren Wedlog Olsen  Foto: Terje aamodt

Fritt Ord

Økonomiske vanskar og medlemsflukt

Fylkeskommunen gjennomførte i mai ei kartlegging av kommunale koronatiltak, og mellom anna korleis det frivillige kultur- og idrettslivet i fylket vart ramma av koronatiltaka.

Mange av aktørane har mista inntekta og er bekymra for framtida – særleg med omsyn til at medlemmane skal melde seg ut og at det skal vere vanskeleg å rekruttere nye.

Dei økonomiske konsekvensane og bekymringane i kulturlivet er knytt til tapte inntekter i forbindelse med utleige av lokale, sviktande sponsormidlar, samt små og store inntektsgjevande arrangement. Trass i desse bekymringane, hadde ingen av kommunane motteke tilbakemeldingar om nedlegging av drift på intervjutidspunktet.

Den siste tida har mange barn og unge i fylket også stått utan tilbod om fritidsaktivitetar. Fleire av dei som deltok i undersøkinga var bekymra for at dette skal føre til både medlemsflukt og rekrutteringsvanskar for dei frivillige kultur- organisasjonane og negative konsekvensar for barn og unge som no står utan tilbod.

I denne ekstraordinære situasjonen, er det gledeleg å sjå at kulturlivet har kommunane i ryggen.

Aktive og tilpassingsdyktige kommunar

Undersøkinga viser at kommunane har satt i verk fleire ulike tiltak for å avgrense dei økonomiske skadeverknadane i kulturlivet, trass i at pandemien og smitteverntiltaka har ført til ei stor belastning for kommunane.

Det er verdt å merke seg at alle kommunane i undersøkinga har betalt ut alle dei budsjetterte kulturmidlane, sjølv om kommunane er påført ei stor økonomisk belastning i denne perioden. Nærmare halvparten av kommunane har også gjort endringar i korleis ein søker på, fordeler og utbetalar kulturmidlane. Søknadsfristar er utvida, og det er lagt opp til rask sakshandsaming. Gjennom slike tiltak bidrar kommunane til å sikre inntekt til både små og store kulturaktørar i regionen. Dei fleste kommunane har unnlate å krevje betaling frå lag og organisasjonar for bruk av offentlege lokalar, og to kommunar kan vise til at det er etablert eigne støtteordningar der kulturlivet i kommunane kan søke om midlar.

Kommunane satsar digitalt

Meir enn ein tredjedel av kommunane fortel at dei har bidratt, planlegg å bidra til eller ønsker å bidra til digital formidling av kultur i sin kommune. To kommunar har etablert og driftar ein eigen plattform for digital formidling av kultur. Plattformene har vore mykje brukt. Ein av kommunane kan vise til at dei digitale arrangementa har samla inn nærmare 100.000 kroner som vil gå tilbake til kulturlivet i kommunen.

I fleire av kommunane som har støtta digitale formidlingstiltak, har det vore eit bevisst mål om å sysselsette profesjonelle aktørar som eksempelvis lyd/lydteknikarar i en periode med få eller ingen oppdrag.

Den digitale satsinga ser ut til å fortsette også neste år. Nærare en tredjedel av kommunane fortel at dei har planer om auka bruk av digitale møter med kulturfrivilligheita og digitale arrangement. Nokon vurderer òg å halde fram med å tilby digital undervisning i kulturskulen for dei elevane som ønsker det.

Kommunane vel å halde fram med digitale eller del-digitale arrangement – der publikum kan vere til stades både fysisk og digitalt – av fleire årsaker. Mange av kommunane antar at dei noverande smittevernstiltaka vil vere langvarige, og at ein gjennom digitale arrangement kan gi eit tilbod til flest mogleg. Samstundes kan ein gjennom digitale arrangement nå målgrupper som heller ikkje til vanleg ville vore i stand til å delta på sosiale arrangement. Høve til å delta digitalt – også når smittevernstiltak ikkje lengre er nødvendige – vil vere til glede for desse gruppene.

Mange av kommunane har òg gjort ein stor innsats for å vidareformidle informasjon om dei fylkeskommunale støtteordningane og tiltakspakkane for kulturlivet i denne perioden.

Rekordstor krisepakke frå fylkeskommunen

I mai lanserte fylkeskommunen sju støtteordningar på totalt 22 mill. kr for kulturlivet. Ordningane gir støtte til digital formidling av kunst og kultur, bevaring og restaurering av kulturminne, fartøyvern, skjøtsel av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde, samt kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar. Ordningane gir også kompensasjon for tapte inntekter ved avlyste eller flytta arrangement, samt tapte leigeinntekter.

I alt fekk fylkeskommunen 257 søknadar. Formålet med dei fylkeskommunale ordningane har vore å redusere og kompensere for skadeverknadane av pandemien, men også å sikre aktivitet og sysselsetting på sikt. Målretta og gjenoppbyggande tiltak vil vere viktig i tida framover. Vi vil halde fram med å følgje situasjonen nøye.

Satsingsområde for tida framover

Sjølv om det no er gjennomført ei rekke tiltak for å redusere den første bølga av skadeverknader, må vi no rette blikket framover og tenke på korleis vi kan hjelpe kulturlivet å opne igjen og slik bidra til at vi fortsett har eit rikt kulturliv i Møre og Romsdal. Kommunane som deltok i undersøkinga gav tilbakemelding om at spesielt fire område er viktige. Desse er:

Økonomiske tiltak

Det vil framleis vere behov for kompensasjon for tapte inntekter, også etter 15. juni. Ein må derfor få på plass langsiktige og betre økonomiske tiltakspakkar for tapte inntekter.

Lokale og retningslinjer

Det er behov for å utarbeide tydelege retningslinjer for publikumsarrangement, og å gi kulturlivet tilgang til trygge lokale med tydelege retningslinjer for smittevern ved bruk.

Medlemsfråfall

Ein må stimulere til nyrekruttering og til å hindre fråfall blant barn og unge i idretten og kulturlivet elles. I tillegg må ein gi kulturlivet moglegheit til å starte opp igjen så fort som mogleg, fordi desto lengre dette varer, desto større er sjansen for at organisasjonane legg ned drifta.

Publikumstiltak

For å sikre at publikum kjem tilbake når forholda tillèt det må ein klare å trygge publikum med tanke på smittefare og smittevern, og sørge for at innbyggarane beheld interessa for kulturtilboda i kommunane.

Mange i kulturlivet vårt ser med stor uro framtidige kostnader og konsekvensar av vedvarande smitterverntiltak. Desse fire hovudpunkta er gode vegvisarar for retningsval i framtida. Medan dei første tiltaka frå offentlege styresmakter i stor grad har hatt søkelys på å kompensere for inntektsbortfall, er tida koma for meir målretta og gjenoppbyggande tiltak. Slik mange kommunar i Møre og Romsdal allereie har gjort, og som vi håpar dei vil halde fram med.