Vedlikehald av ferjekaiene i Sande

Med eit skrikande behov for arbeidsoppgåver for næringslivet som fylgje av pandemien må det vere rom for å finne løysingar for eit gjennomarbeidd og gryteferdig prosjekt som Sande Fastlandssamband, skriv Inge Bringsvor i dette lesarinnlegget.

Larsnes ferjekai: Ein av stoppestadane på Larsnes-sambandet.   Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Sande arbeidarparti hadde eit innlegg i Vestlandsnytt sist fredag om vedlikehaldsetterslepet på ferjekaiene i Sande. Ein ser det som nødvendig med ei omfattande opprusting før det er realistisk å bygge Sande Fastlandssamband. Det kan nok vere nødvendig med opprusting dersom ein skal satse på ferjesamband for framtida. Sande Fastlandssamband er eit av dei mest realistiske sambanda i regionen, så kva er det Arbeidarpartiet ventar på?

Det vart nemnt kostnader på 170 millionar til opprusting av ferjekaiene dei neste fire åra. På lenger sikt har eg sett talet 400 millionar nemnt. Dersom Sande Fastlandssamband hadde fått tilført ein slik startkapital kunne ein starte bygginga så snart alle føresetnadar var på plass!


Førebur storprosjekt med ferjekaiene på rute 01

Fylkeskommunedirektøren innstiller på at ferjekaiene på Larsnes-sambandet skal byggast ut som betongkaier. Prisen er 170 mill. kr.


Diverre må ein vente både på Sande kommune, Fylket og Staten for å få midlar til alle utgreiingane. 40 år har gått og 40 nye år vil gå dersom Sande arbeidarparti får gjennomslag for ideen sin. Det vert nemnt bygging av kaiene i betong for maksimal varigheit. Assosiasjonen til sementering av dagens kommunikasjonar i Sande kom automatisk.

Ved å framskunde starten av Sande Fastlandssamband ved hjelp av desse midlane vil opprusting av ferjekaiene ikkje berre vere unødvendig, men rett og slett galskap i mange sine auge. Dette er ein unik sjanse til å gje prosjektet det lyftet som trengs for å få det i gang. Med eit skrikande behov for arbeidsoppgåver for næringslivet som fylgje av pandemien må det vere rom for å finne løysingar for eit gjennomarbeidd og gryteferdig prosjekt som Sande Fastlandssamband!

Innlegget i Vestlandsnytt var Arbeidarpartiet si løysing. Eg er så fri å be dei andre partia kome på bana og gje til kjenne sitt syn på denne saka. Eg vil også utfordre rådmann og ordførar å komme med sine synspunkt. Er det umulig for Sande kommune å gå nye vegar og utfordre fylket og staten i denne saka? Er det umulig for dei politiske partia i Sande å påverke sine kollegaer på fylket og i regjeringa?

Ein klok politikar sa eingong at eit godt demokrati vert målt på evna til å ta omsyn til mindretalet. Dersom ikkje våre folkevalde forstår dette så vert innbyggarane tvinga til å reagere. Det har vi sett før. Det er mykje sprengstoff i denne saka så kan hende vert ikkje Sande kommune å finne på kartet i framtida. Mindretalet ber om respekt og omtanke.


Fylkeskommunen:

Opnar for alternativ bruk av ferjekaipengane

Utbyggingsutvalet i fylket trassar administrasjonen og legg fram nye tankar om korleis ein skal løyse utfordringane med ferjekaiene til Larsnes-sambandet.