Dikt:

Takk

Knut Arne Høyvik har skrive dikt om Stad Skipstunell.

Stad skipstunnel  Foto: Illustrasjon (arkiv)

Fritt Ord

Vi som likar å setje meiningane våre på eit papir og formidle det til kreti og pleti i sosiale media og aviser- er heldige. Vi har nemleg ei sak gåande, som gjer at vi kan sitje vakt ved tastaturet. Ja, eg snakkar om soga om Stad skipstunnel.

Dette planlagde hòlet i fjellet fekk måndag enda eit nytt kapittel. Då vart det kjent at samferdselsminister Knut Arild Hareide heller ikkje ser lyset i tunnelen. Saka er nok ein gong sendt til eit konsulentselskap for kvalitetssikring. Det kunne berre bli eit ironisk dikt:


Takk til alle på torg og på ting

For nok ei viktig kvalitets-sikring

Klart vi må ha kvaliteten på plass

Elles kan dette gå beinast i dass


Takk for alt som er gjort og sagt

Takk til alle som har brukt sin makt

Eg kjenner meg rørt, ja reint forlegen

Fordi dei viste meg rette vegen


No ser eg opp i mot himmelens sky

Og ber den same bøna på ny

Herre- hjelp oss som framleis ventar

Sjå også i nåde til konsulentar


Som har slike finslipte rekneark

Og som las seg opp om Nohas Ark

Men som aldri skjøna den stormfulle leia

Og som stort sett har vore på ville veia.


Vi legg oss på kne i takk til dei mange

Som har rekna på nytt dagane lange

Men likevel aldri fann gode svar

Men som lever høgt på statshonorar


Nok ein gong- takkar eg makta

Som slapp å ta på seg hundevakta

Når sjøen braut rundt baug og hekk

Og ingen kunne gøyme seg vekk


Sola gjekk ned over tingstol og land

Dette går no slett ikkje an

Ei utgreiing til utan mål og meining

Det liknar mest på ei nedlagt foreining.


Epilog:

Når eg ein gong skal gå i mi grav

Etter håpefullt langt liv på land og på hav

Av omsyn til kvalitet dei næraste ventar

Eg vil berast ut av seks konsulentar


Knut Arne Høyvik