For meg handlar tillit om ...

... å ha tru på kvarandre. Ha tru på samarbeid. Å ha tru på at alle vi som sit i kommunestyret vil det beste for innbyggjarane våre. Og ikkje minst så handlar tillit for meg om å tru at andre vil meg vel. Sjølv om vi er ueinige om saker.

LINN THE­RE­SE SÆ­VIK: KrF-po­li­ti­ka­ren har skrive dette innlegget.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

Telemarksforsking gjennomførte ei tillitsundersøking på vegne av Herøy kommune i 2019. Dette på bakgrunn av at kommunestyret har vedteke at tillit skal vere ein av kjerneverdiane til Herøy kommune. I tillegg har også kommunen fått kunnskap om at det er ein samanheng mellom tillitsnivået i ein kommune og kommunen sin attraktivitet for næringsliv og busetting.

Gjennom mange år i politikken har vi hatt fleire undersøkingar om tillit, samarbeid og samhandling. Vi har fått fine rapportar og varierande resultat. Dessverre har resultatet stadig vist at vi har ein veg å gå på desse områda.

Dei aller fleste av desse rapportane har blitt teken til vitande.

Utan noko form for vedtak anna enn praktisk informasjon. Vi kan krysse av på lista; Dette har blitt gjennomført.

Funna i denne tillitsundersøkinga viser at Herøy kommune har enno eit stykke å gå dersom vi skal vere ei båtlengd føre på tillit mellom politikarar, administrasjon, næringsliv og befolkning.

Når vi set i gong tiltak som denne tillitsundersøkinga og andre undersøkingar er det viktig å ha ei formeining om kva vi ynskjer å bruke resultatet til. Kva vil vi oppnå? Kva er målet for vidare arbeid når resultatet er klart?

Er det at dersom vi kjem godt ut av det så kan vi klappe oss sjølv på skuldra, seie godt jobba å bruke det ved neste vegkryss når vi skal skryte av oss sjølv?

Eller er det at dersom vi kjem dårleg ut så puttar vi det i skuffa, gløymer både resultat og ikkje tenkjer meir over det? Altså at vi tek saka til vitande?

Vi må vere tøffe nok til å ta tak i både dei resultata som er gode, og dei som viser det som er mindre godt.

Politikk handlar mykje om å vere ueinige for å finne dei beste løysingane.

Men det handlar også mykje om å vere einige. Jobbe saman mot at vårt området, vår kommune skal vere ei kommune det er godt å bu, besøke og vekse oppi.

Likevel opplever vi stadig at vi som sit i kommunestyret ikkje har tillit til kvarandre. Vi har ikkje respekt for kvarandre og vi greier ikkje å ha respekt for fleirtalsvedtak.

Vi dreg i gong omkampar

Og harselerer i media. Heng ut kvarandre og dei vi er arbeidsgjevar til i media.

Det er ikkje å ha tillit, heller ikkje å bygge tillit.

Nokre vil nok arrestere meg no, seie at dette er å kneble demokratiet.

Dette handlar ikkje om å dempe demokratiet. Heller tvert i mot. Det handlar om å få større respekt for det.

Ha tillit til dei politiske prosessane. Tillit til kvarandre på tvers av politikk og administrasjon.

Samtidig må det og skal det vere rom for å påpeike dei sakene som ikkje er som det skal.

Alt botnast ut i måten vi legg det fram meiningane våre på. Tolkar vi alt i verste meining? Eller handlar det om tillit til at du vil meg vel, sjølv om ein er ueinige i ei sak?

Å snakke til kvarandre med respekt det er det minste vi som vaksne politikarar kan forvente av kvarandre. Og det er det minste innbyggjarane kan forvente av oss!

Toalettet i Goksøyra

Er eit levande eksempel på politisk virr varr. Som igjen kan skape dårleg tillit mellom kommune og innbyggjarar.

Fyrst ei enkel sak. Ei kampsak for mange i kommunestyresalen.

Så leverer administrasjonen ei god og grundig sak, skissert med tre alternativ. Vi skrinlegger alle. Vi vil ha eit «instagram- vennleg» toalett.

Sender saka tilbake. Administrasjonen legg fram ei ny sak. Det nye toalettet er både fancy og stilig. Men kva gjer vi då? Toalettet er ikkje heilt slik som vi såg føre oss.

Det er «FOR instagram-vennleg». For stilig. No passar det ikkje inn. Vi forkastar saka igjen.

Det er godt nok å berre bruke det som vi har.

No går vi ein stor turistsesong i møte. Toalettet er som før...På grunn av vinglete politikarar.

Det er ikkje rart at folket kan miste tillit til oss. Vi greier ikkje å bli einige med oss sjølv.

Henta frå saka:

«Det handlar om å få folkevalde i større grad til å framstå samla og med eit felles ansvar kommunen sin attraktivitet og vekst.»

Vi framstår ikkje som attraktive og som om at vi ynskjer vekst.. når mykje av det vi kjempar om er å få framsidene på avisa med bodskap om kva vi er ueinige om!

Herøy KrF kom i formannskapet med ei ny tilråding til vedtak.

«Ordførar og Rådmann får i samarbeid med Havlandet ansvar for å setje ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med forslag for å betre tillit mellom politikarar, kommune og næringsliv»

Dette fordi vi meinar at det er viktig å vise handling etter funna som er gjort i saka. Det er viktig å vise innbyggjarane våre og næringslivet vårt at vi tek funna på alvor, og at vi ynskjer å setje tillit på dagsorden.

Vi trur at med å samarbeide med Havlandet så vil ein kome langt på veg i å skape ein forståelse av forventningane som både vi, administrasjonen, innbyggjarane og næringslivet har til kvarandre.

Dessverre vart det nye forslaget nedstemt i kommunestyre.

Nok ei sak blei teken til vitande, lagt i skuffa.

Når ikkje ein gong vi som politikarar er villige til å setje tillit på dagsorden, kan vi då forvente at innbyggjarar og næringsliv har tru på at vi som politikarar skal styre Herøyskuta stødig dei komande åra?

Kvifor er vi så redde for å bygge tillit mellom kvarandre?

Det er fyrst når vi vil kvarandre vel at Herøy kommune gå frå å vere ei båtlengd bak til opp på sida.