I kjølvatnet av koronaen

Ein merkeleg konsekvens av koronapandemien er bruken av fine titlar på det sjiktet som vert intervjua i TV om sjukdomen.

Fritt ord: Gudmund Solstad har skrive dette lesarinnlegget.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Den eine etter den andre vart presenterte som direktør, ikkje berre det, men med ei eller anna forstaving som karakteriserte direktørens fagområde. Eg hadde ikkje tidlegare registrert at det eksisterte så mange ulike direktørar. Rett nok hadde nokre ein eller annan tilleggstittel som viste til helsesektoren.

I mine unge dagar, det vil seie i 15-årsalderen, og flytta delvis inn i Bodø by, oppdaga eg for første gong mange nye titlar på folk; titlar som naboane i ei lita bygd tre mil utanfor byen aldri hadde høyrd om. Naboane var gardbrukarar eller husmenn, eit par lastebilsjåførar, ein hotelleigar som brukte nemninga som tittel. Direktørar eksisterte ikkje. Vi klarte oss den gongen med fornamnet; han Ole, Jens, Parelius, Hans og mange fleire.

Men det var den gongen smått med direktørar også i byen, eg er ikkje sikker på at nokon raga så høgt. Disponent eller kjøpmann måtte klare seg. Administrativ sjef i kommunen, slik som også her, var kontorsjef. Eg kjem berre på ein som hadde direktørtittel, og det var skoledirektøren, han som styrte grunnskulane i heile fylket, og stasjonerte i Bodø. Men no er det lenge sidan, og som nemnd, det florerer med direktørar.

Kva kan grunnen vere? Eg har jo hatt ei plassering i arbeidslivet som mellom anna førte til at eg skulle vere med å plassere medarbeidarar i eit regulativ med ulike lønsplasseringar. Den best lønte var fylkesskulesjefen. Berre éin direktør kom høgare på den lista. Når det så etter kvart vart så mange direktørar i mange sektorar, kan det skuldast at stadig fleire må lønast så høgt for å få nokon til å søkje stillinga. Heile landet er inne i ein økonomisk høgkultur som ingen her til lands eller andre land har sett maken til. Det rikaste landet i heile verda når vi ser det per innbyggjar.

Sidan det er helsesektoren som er hovudarenaen for denne vurderinga, er det rimeleg å starte med helsedirektøren, og han har ein under seg som er assisterande helsedirektør. Det kunne høyrast ut som dei begge var legar, ein bra tittel det og. I tillegg til desse vart det nemnd nokre underdirektørar og nokre rett og slett berre fagdirektørar. Den høgste direktøren trur eg var statsdirektør.

Mykje går føre seg på fylkesnivå når vi held oss til offentleg administrasjon, og der er nok fylkeskommunedirektøren den høgstlønte, tett etterfølgt av finansdirektøren. Under denne siste i rang vil eg tru eigedomsdirektøren er plassert.

På kommunenivå troner som nemnd truleg kommunedirektøren. I lønsregulativet kjem denne plasseringa sjølvsagt langt over kontorsjef. Kommuneadministrasjonen må av og til ut og reise, og nokre kommunar har tilsett ein reiselivsdirektør samt ein kommunaldirektør for velferd. Under desse kjem andre fagdirektørar. Nokre kommunar er så store at dei har tilsett konserndirektør. Han tronar nok øvst i regulativet, vil eg tru. Nokre få høgskuledirektørar er med, og til og med ein språkdirektør. Så alt i alt har den økonomiske utviklinga ført til eit noko anna samfunn enn den eg opplevde i unge år. Ein konsekvens av den økonomiske utviklinga. Korleis vi før i tida klarte oss utan alle direktørane kan ein jo spørje seg om.