Alkoholpolitisk plan for Herøy kommune 2020–2024

På torsdag skal den alkoholpolitiske planen til Herøy kommune fastsetjast. Restaurant- næringa er ei av dei næringane som har vorte mest råka av stenginga som Covid-19 har kravd. Dei har hatt dørene stengde, og må inn i framtida med fleire restriksjonar. Kva er det då formannskapet klemmer til med av gåvepakkar til denne næringa?

FRANK ROY MOL­TU: Leiaren av Herøy Senterparti har skrive dette lesarinnlegget. Han vil ikkje gå for formannskapet si tilråding under torsdagens kommunestyremøte.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

Jau, det er reduserte opningstider i den nye alkoholpolitiske planen.

Er dette tufta på faglege vurderingar og anbefalingar? Dessverre so er det ikkje det.

Torsdagens avstemming i kommunestyret handlar ikkje berre om opningstider. Utestadane har som alle andre fått redusert talet på gjestar dei kan ha inne i lokala med 50 % pga. restriksjonar basert på smitteavstand, og ei redusering i opningstidene åleine er vurdert av bransjefolk til å gje 30 % mindre omsetning. So spørsmålet på torsdag er ikkje om vi skal redusere opningstidene. Vi skal stemme på om restaurantane og andre serveringsstadar i Herøy skal ha livets rett.


Formannskapet gjekk for fast skjenkestopp

Skjenkestadane i Herøy får utvida skjenketid på kvardagane, men i helgane blir skjenketida kortare.


Er det dit vi vil? Er det slik vi vert ei «JA-kommune»?

I koronaens tidsalder er det meir rett med utvida skjenketider. Det er då ein spreier folket, og fleire får delta i tilbodet. Om dette går gjennom på torsdag, so er det tvilsamt at alle utestadane overlever.

Er det slik vi bygger tettstaden Fosnavåg?

Næringa har etterspurt å få behalde opningstida som den er, og det er kommunestyret si plikt å gje næringa rammer som gjer det mogleg å drifte med overskot.


Reagerer på forslaget til ny alkoholpolitisk handlingsplan:

– Stikk i strid med reiselivssatsinga

NHO Reiseliv meiner dei føreslegne innskrenkingane i den alkoholpolitiske handlingsplanen for Herøy kommune kan vere skadeleg for Herøy som destinasjon.


Kva er motivasjonen til «Nei-folket» i denne saka?

I botnen so er det eit ynskje om å redusere alkoholinntaket til befolkninga, men oppnår ein eigentleg det ein ynskjer med desse tiltaka?

Det er det ingen seriøse rapportar som tydar på.

Når ein utestad stenger dørene klokka 0100, er visst tanken at folk fer heim og legg seg. Men er det verkeleg slik, eller dreg dei då til heimar og held fram festen der?

Det er ingen som nektar for at å stenge dørene klokka 0100 fører til fleire heimefestar. På utestadane er det vakter og servitørar som syter for at skjenking skjer i lovlege former. Det er på private festar at aldersgrensene vert brotne.

Ein annan bransje som vert skadelidande av dette er drosjenæringa. Ved å stenge dørene klokka 0100, so kjem alle ut samstundes. Dette er eit eldorado for piratdrosjene, alle skal heim eller på fest samtidig, i staden for at folk dreg heim litt etter kvart, som ein gjer når det er ope til klokka 0300. Regjeringa har fjerna køyreplikta, so på sikt risikerer vi å misse drosjetilbodet fullstendig etter klokka 2300, om ikkje der er nok kundegrunnlag ut over natta. Ein kan risikere at drosjenæringa kapitulerer fullstendig, og overlèt natta til piratdrosjene. Kommunestyret kan med eitt vedtak rasere to næringar som vi treng i framtida.

No er det ikkje slik at eg trur turistane skal vere oppe til klokka 0300 og gå på utestadane. Men lagar vi ulevelege rammevilkår for restaurantbransjen no, so er det ingen open restaurant når turistane kjem attende, DERSOM dei kjem. Vi i Senterpartiet tek til ordet for at kommunestyret skal sette til side vedtaket i formannskapet. Klarer vi å få med oss H og Frp, då manglar vi berre ei stemme på å ikkje rasere restaurant- og drosjenæringa i Herøy kommune.


Sævik vil ha brennevinsskjenking til klokka 03.00

Det kan gå mot utvida skjenketider i Herøy.


Dei siste vedtaka ein har støtta liknar meir på gammal austblokkpolitikk, der det offentlege driv butikk, og store offentlege praktbygg blir oppførte for å manifestere kvar makta sit.

Har verkeleg gruppeleiarane tenkt å nytte partipisken i denne saka slik dei gjorde i saka om administrasjonsbygget?

Håpet er at vi skal få til dette. Men eg trur det er viktig at folket i Herøy seier ifrå til politikarane at denne saka er mykje viktigare enn dei har tenkt over. Få politikarane i tale om dette, krev å få vite på kva grunnlag ein må korte inn skjenketida. Er det slik at dei då trur at ein får ned konsumet av alkohol i kommunen?

Eg ser og at ei veke etter at vi bestemte å bygge eit bygg til utleige som vi kjem til og tape pengar på, so må det kutt til. Då er det sjølvsagt helse- og omsorgssektoren som må kuttast, og kanskje også i skulesektoren. No er det rett nok eit overforbruk på helse og omsorg i forhold til budsjett, men det må vere lov å spørje seg sjølv om det er drifta som er 25 millionar i minus, eller om vi har bomma på budsjettet.

So pengar skal sparast slik at vi ikkje kjem på «Robeklista». Omkampar er ikkje populært, eg har fremja sidan 2016 at vi må snu på løysingane vi har valt på «Nerlandsøybrua». Eg har alltid fått det svaret at det NO er for seint å snu. So viser det seg at nokon har innsett at å skyte vekk cirka halve «Nerlandsøya» for å fylle igjen hamna kanskje ikkje er så lurt likevel. Men eg freistar og fremje eit innsparingstiltak kraftig på overtid. Eg tek sjølvkritikk på at eg ikkje klarte å fremje dette når saka var oppe i kommunestyret:

Eg ber alle sjå på det nye flotte praktbygget som har poppa opp ute på «Vågsholmen». Her snakkar vi om noko som framhevar og gjer Herøy meir attraktivt. Den lokale byggherren klarer å levere eit bygg der 100 kvadratmeter kostar 5 millionar, og til alt overmål planlegg dei å gjere dette med overskot som dei må betale skatt av til kommunen. Vi veit frå momsrekneskapen til det nye administrasjonsbygget at politidelen er kostnadsrekna til 11 millionar, og at kontordelen vidare kostar 42 millionar. Om kommunen snur, og ikkje bygger administrasjonsdelen til utleige, so sparar vi 42 millionar. Men om vi absolutt må bygge fleire kontor, so kan vi kjøpe 400 kvadratmeter på «Vågsholmen» og halvere kostnadane til 20 millionar. Om du tenkjer over kva du nettopp las, so skal du og hugse at tomta på Vågsholmen er prisa inn i dette, medan tomta bak rådhuset er eigd av kommunen. Det er kanskje på tide å vurdere om det er helse- og omsorg, samt skulesektoren som må ta dei hardaste kutta.