Det nye Nærøykrysset

Ja, vi har fått oss eit splitter nytt kryss på Nærøya, nokre hundre meter med godt og flott arbeid. Men ... tja ...

Nærøykrysset  Foto: Privat

Fritt Ord

Vi har ynskt ei tryggare løysing med bl.a. ein fotgjengarovergang. DET har vi fått! Der manglar berre kvitestripene. Vi får også ny og veldig bra belysning i krysset. Dette er vi veldig takksame og glade for!

Det som var «bra» i det gamle krysset var at ein vart tvinga ned i fart uansett kva retning ein kom frå eller skulle.

«Alle» veit at det krysset kunne vere fælsleg glatt i vinterhalvåret, men av dei som har fått seg ein kipp der, har dei fleste berga seg ved å bruke heile vegbana.

Eg undrar meg litt på kor mange som kjem til å få eit litt ublidt møte med den flotte, nye øya …

Vi var førespegla ei rundkøyring, og det kunne vere ei bra løysing, spesielt med tanke på fart.

Rundkøyringa «forsvann», og vi har fått eit t-kryss.

Vi skulle visst få busstopp på begge sider av vegen også, men det vart heller ikkje noko av. (Så då vert det å setje sin lit til ein snill bussjåfør dersom ein vil av mellom Einedalen og Leine Bedehus.)

Så til det som vi meiner er toppen av kransekaka; vi har fått reinaste autostrada rett inn på Nærøya! Trass «tvangsbremsinga» i det gamle krysset, held enkelte likevel bra fart oppover sjølve Nærøya.

Utan dette «naturlege» hinderet, kjem bilane til å kome fykande inn der, utan nedbremsing. Livsfarleg!

Vi har no også mykje anleggstrafikk grunna utbygginga ved Røykeriet. Dette lovar IKKJE bra!

No ser det ut som «hovudvegen» går til Nærøya. Og det vert gale. Vegen frå Einedalen og utover mot Remøya/Runde er fylkesveg 5876.

Offentlege vegar med fartsgrense 50km/t og oppover skal generelt gjerast om til forkøyrsveg. Så då håpar eg vi får opp stipla line og vikepliktskilt frå Nærøya. Men nokre målingsstriper er IKKJE nok til å bremse trafikken!

Når eg tel fort over, så har vi nokre og tjue born, frå barneskulealder og ned, som er fastbuande her. Dette medfører sjølvsagt ein god del venebesøk i tillegg. Enkelte har også barnebarn som kjem på besøk.

I tillegg så er det, som før nemnt, stor utbygging ved Røykeriet. Eg meiner eg har lest at det kjem 39 (?) einingar (dette veit sikkert kommunen betre enn meg), og det vert garantert mange nye barn som flyttar inn der.

Med andre ord; vi har MANGE barn her! Og dei vil vi behalde!

Det einaste trafikktryggingstiltaket som er, er eit «Barn leikar»-skilt som vi omtrent krangla oss til for om lag 15 år sidan (som vi bestilte og betalte sjølve).

Så no må noko gjerast!

Tiltak eg meiner MÅ på plass:

* 30-sone på Nærøya frå krysset.

* Fartsdumpar; to før bakketoppen og to etter.

* Vikeplikt-skilt frå Nærøya.

* Blindveg-skilt.

Skulle noko av dette vere i planane allereie; kjempeflott!

Såg forresten i Vestlandsnytt 15/5 at arbeid med ny trafikktryggingsplan skal starte, så det passar jo bra.

Kan for ordens skuld seie at eg snakkar på vegner av meg sjølv, men eg veit at mange av dei som bur her er einige.

Gunn Urke Remøy