Frank-Roy Moltu

Skilnaden mellom fantasiar og spekulasjonar!

- Eg vil med dette poengtere at eg ikkje fantaserer, men eg spekulerer, skriv Frank-Roy Moltu, leiar i Herøy Senterparti.

FRANK ROY MOL­TU: Frank-Roy Moltu.  Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

I Vestlandsnytt datert fredag den 15. mai, hevdar varaordførar Bjarne Kvalsvik at eg fantaserer.


– Eg veit ikkje kvar han har henta fantasien frå

Bjarne Kvalsvik meiner det er direkte feil at han har vurdert å flytte landbrukskontoret frå Myrvåg til Fosnavåg.


Eg vil med dette poengtere at eg ikkje fantaserer, men eg spekulerer. Eg spekulerer og riv meg i håret i undring over kven som skal inn i det nye praktbygget til utleige som Herøy kommune no gjev seg ut på å bygge. Eg vonar då verkeleg at dei som stemte «ja» til denne investeringa på kr 53.700.000,- har freista å gjere seg dei same tankane.

Då varaordføraren i kommunestyremøtet hadde eit innlegg om administrasjonsbygget og han hevda at det var 11 statlege- og 6 kommunale stillingar vi kunne leige ut det nye bygget til, må eg innrømme at eg vart litt letta. Inntil då trudde eg at «ja-folket» ville gå i gong med å bygge eit kontorbygg til utleige i ein marknad med overkapasitet.

For å sette ting litt i perspektiv; dersom ein av våre store offshorereiarar gjekk i banken på måndag og bad om lån til kontrahering av ein ankerhandlar i dagens marknad, ville nok banken høfleg ha sendt reiaren på dør.

Eg spekulerte då på kven det var varaordføraren såg som skulle inn i dette bygget, for eg har ikkje fått dette spørsmålet svara på når eg har spurt både ordførar, varaordførar eller andre i administrasjonen. Varaordføraren konstaterte at mine fantasiar eller spekulasjonar var feil, og at dei han tenkte på var «NAV». I den 12. time før avstemming så kastar altså varaordføraren «NAV» opp i hatten. Eg oppfatta ikkje der og då at det var «NAV» han tenkte på, for då ville han ha fått ein serie med spørsmål frå meg. Men eg går ut frå at dette har vore diskutert med andre prominente politikarar, som ordførar og dei andre i administrasjonen.

Alle private investeringar på 50 millionar vil krevje ein marknadsanalyse. Vi har aldri fått det på dette bygget, men noko seier meg at ledig kapasitet er ein indikasjon på at marknaden er heller laber. Men varaordføraren såg altså lyset då leiaren for «NAV» heldt eit innlegg i forkant av kommunestyremøtet, der ho fortalde om «NAV» på Eggesbønes.

Eg har tidlegare påstått at å leige ut dette bygget vil skje med tap for kommunen. Så dersom varaordføraren får det som han vil, då bygger vi eit bygg til statlege funksjonar som «NAV» og «Politi», og Herøy kommune skal betale for dette med pengar vi hentar frå driftsbudsjettet.

I dag leiger «NAV» kontorlokale hjå ein lokal forretningsmann. I årevis har han drive utleige av lokala, og det framstår frå utsida som ein ryddig og profesjonell aktør i utleigemarknaden. Heldigvis for han har han i dag ein langsiktig kontrakt med staten med omsyn til «NAV»-kontoret. Det er «NAV»/staten som er leigetakar på «NAV»-kontoret. Herøy kommune leiger kontor på framleige av «NAV» her. På dette kontoret er det 11 stats- og 6 kommunalt tilsette som har sitt virke. Desse må vere samlokaliserte, av den grunn at prosessane då vert enklare med dei tenestene dei i fellesskap skal gje til dei som treng det.

Eg veit at økonomimodellane eg vidare legg fram er sterkt forenkla, men staten har eigne profesjonelle folk som styrer med anbod og leige av lokale. Det er desse folka som dermed har lagt standarden for at politidelen som er 1/3 av bygget skal betale kr 418.000,- i året.

I all mi enkelheit fastslår eg då at det same folket i staten vil anslå at dei resterande 2/3 kan leigast for kr 836.000,- i året, altså ei samla leigeinntekt på kr 1.254.000,- årleg. Renteutgifter med 2 % rente vert kr 1.060.014,- pr. år. Det er ikkje akkurat særdeles gode nyheiter at når renta er betalt, så sit vi att med spenstige kr 193.986,-.

Eg er pr. i dag ikkje informert om kva kostnader Herøy kommune skal ta når det gjeld straum og anna, men Herøy kommune legg seg på 50 års nedbetalingstid, noko som ikkje er vanleg i samband med forretningsdrift. Men det seier seg sjølv at skal dette bygget betale avdraga med det ein sit att med etter renter, då bruker vi 277 år på å betale dette huset. Og igjen, dette er sterkt forenkla, rentedelen går ned, men vedlikehaldskostnadane går opp med åra.

Ein skal òg kome i hug at dersom «NAV» og staten skal leige resten av bygget, slår momsreglane til igjen og vi må opp finansiere dette bygget ytterlegare. Men det har sjølvsagt «ja-folket» tatt omsyn til.

Og vi veit at momsandelen på Politiets sin del var 3 millionar, då kan vi anta att for NAV-delen må ein oppfinansiere med ytterlegare 6 millionar. Rentekostnaden blir då 120 000 NOK ekstra ved statleg utleige per år.

Som alle seriøse eigedomsselskap gjer, så går eg ut frå at også Herøy kommune har nytt godt av å ha ein seriøs aktør på Eggesbønes som genererer inntekter til drifta og skattekroner til Herøy kommune. Er det dette Herøy kommune vil ha slutt på?

Skal vi gjere det med å tape pengar på den investeringa vi skal gjere på kr 53.700.000,-?

Desse tankane må vel både ordføraren og varaordføraren har gjort seg?

Eller er det slik at når fasaden på rådhuset skal pussast opp, så er det grunn god nok til å bygge eit nytt rådhus dei kan halde til i, samstundes som millionane rullar ut på den gamle delen av rådhuset?

Vi har fleire prosjekt i Herøy kommune som må diskuterast skikkeleg og få gode prosessar på. Ei av desse er «sceneparken» eller «Solparken» som den også vert kalla. Det kallast sentrumsutvikling, og i saker kring sentrumsutvikling er kritisk tenking ikkje velkommen.

I fyrste omgang skal vi fjerne parkeringsplassar der det nye administrasjonsbygget kjem. I tillegg skal vi bygge ei scene og ei stor fontene på parkeringsplassen ved «Valaker». Halve parkeringsplassen skal gå til scene, og resten til ei kledeleg og flott fontene.

Men kor skal alt folket som vil høyre på utøvarane vere?

Skal vi bygge ei intim scene på kostnad av parkeringsplassar?

Og ein slepp vel å minne på at det kjem 26 nye kontorplassar som skal ha besøk av dei som dei yter tenester til?

Butikkane i området vil slite med at kundane ikkje finn parkering i nærområdet. Vil verkeleg handelsstanden i Fosnavåg dette?

Vi har ikkje råd til fleire dårlege slutningar no.

Eg må sjølvsagt ta feil. Dette med utleige og scenepark har sjølvsagt vorte godt diskutert hjå alle «ja-folka». Det kan umogeleg vere slik at varaordføraren fekk denne idéen på det siste kommunestyremøtet. Slike store prosjekt tar sjølvsagt tid og energi, og økonomien i det er sjølvsagt høgste prioritet.

Eg må rett og slett ta feil. Skal ein ta slutningar over kr 53.700.000,- så har dei sjølvsagt diskutert alle moglege leigetakarar utan at eg har fått vere med på det. Det er heilt utenkeleg at ordføraren og varaordføraren ikkje er på bølgelengd her. Ein har vel ikkje hatt to motstridande idéar til bruk av bygget utan å signalisere dette?

Om det då ikkje skulle vere einigheit om at «NAV» skal inn her, då lyt Vestlandsnytt ta ein runde med alle gruppeleiarane og høyre med dei kven dei ser føre seg å leige ut til. Det kan umogleg vere slik at vi har bestemt å bygge eit bygg der alle har motstridande idéar om bruken?

Ein skal hugse at desse «ja-folka» stort sett består av folk som likar å snu på krona. Når ein diskuterer viktig infrastruktur som kaianlegg på «Mjølstaneset», er dei berre viljuge til å bygge ei kai. Og hugs at skulle ein bygge 3 kaier, så er det berre marginalt dyrare enn det administrasjonsbygget foreløpig er berekna til å koste. Så her sit ikkje pengane laust.