Apropos korona

Pesta kommer – Øynene dypt i dødningskallen

Det er koronatid, eit nytt ord som truleg vil få plass i ordbøkene våre i lag med andre der korona er prefiks. Hos meg har denne tida vore ein tilstand som minner meg om krigstida, det er noko som held att, eg er ikkje heilt fri. Heile verda er råka, så no det er fleire ‘ufrie’ enn under verdskrigen. Smitten stoggar ikkje på grensa.

Svartedauden: Th Kittelsen skidra svartedauden i skræmande teikningar. 

Fritt Ord

For ei tid sidan var det ebola som fekk mykje merksemd i media, og med god grunn, Ebola er ein særs smittesam sjukdom. Det er mest land i Vest-Afrika som vert råka. Vi hugsar at helsepersonell nytta ekstra verneutstyr, mest som ei rom-drakt, når dei pleia den sjuke. I dag er dette verneutstyret eit vanleg utstyr på alle sjukehus rundt om på jorda, på grunn av covid-19. Nei, smitten spør ikkje etter landegrenser, så ebola-sjukdomen sette støkk i menneska, ikkje minst hos helsepersonell i land etter land, også i Europa. Ein hadde lite medisin mot sjukdomen, og fyrst i 2014 kom det vaksine mot ebola. Dessverre, det går seint å få vaksinert folket, så i 2019 var det eit nytt utbrot av denne fryktelege sjukdomen og meir enn 8000 personar mista livet under siste ebola-epedemien.

No er det covid-19 som sender oss i karantene. Vi vert oppdaterte dagleg, og vi veit korleis vi kan verne oss, men vi grammar oss høglydt, løgnast var hytteaksjonen i påska 2020.

I tidlegare tider spreidde sjukdom seg fort, og når sjukdomen kom, hadde han berre eitt namn: pest. Attende i soga kan ein lese om fleire slike store utbrot.

Mange lever i den trua at det har eksistert berre éin stor pest, sjølve svartedauden, Pesta, som kom frå England til Bergen i 1349. Smitten vart spreidd frå rotter til lopper, og som eld i tørt gras fór sjukdomen over landet vårt og utrydda folket i bygd etter bygd. Noreg miste all kraft til sjølvstyre, svartedauden sytte for at vi etterkvart kom under dansk styre.

Folk som ikkje kjende virus, bakterie eller smitte, vart sjølvsagt redde når menneske tok til å døy på uforklarleg vis. Om ein var kongeleg eller fattigmann, smitten tok ikkje omsyn til stand og stilling. Mektige Henrik VIII fekk koppane og vart merkt i ansiktet med stygge arr. Elizabeth I, dotter hans, gjekk heller ikkje klar, ho levde med kopp-arr resten av livet. I Henrik VIII si styringstid herja også tuberkulosen, ein smittesam sjukdom som tok livet av mange.

Så seint som under min oppvekst var tuberkulosen særs frykta. God vaksine har utrydda koppane, og nesten rydda ut tuberkulosen. Tenk det!

Koppar: Slik ser dei ut. Dette bildet er av eit barn i Bangladesh.  Foto: Wikimedia Commons

«Spanskesykja», som herja i Europa og Amerika, mest etter 1.verdskrigen, tok livet at mange. Far min vart smitta og låg alvorleg sjuk i lang tid. Kanskje vart han smitta om bord på fiskebåten, dei levde tett på kvarandre der.

Eit særs godt helsestell, medisinske oppdagingar, nye medisinar og vaksinar har gitt oss trua på at alt kan ordnast her til lands, men det er ikkje sant sjølv om vi tronar på toppen, på høgste toppen.

Pesta kommer

Hvem kommer der nede

i blodrødt skjørt,

fillet og traset, stygg og fæl.

Fjeset gustent, gult og rynket

fullt av blålige svarte flekker.


Øynene dypt i dødningskallen

ruller, rinner, skjeler og stikker hvast som syler,

lyser og ser i mørket som katten’


Pesta kommer over berg og dal, skog og eng,

sjø og elv, fjord og fjære.

Labber, skvabber, knærne skrangler.

Raker og river, soper, feier.

Riven tar mange, limen alle.

(Ukjend forfattar.)

Så uhyggjeleg vart sjukdomen skildra. Om svartedauden finst det mange segner og spådomar, tankespinn. «Sjukdomen kom med ein skoddedott.» ‘Stormannadauden’ var Guds straffedom, heitte det, og segner fortel om menneskeofring. Vi forstår at det var ei skrekkens tid! Stadnamnet Ødegård , som finst over heile landet, er eit vitnemål om Pesta sin bruk av kost og rive i Noreg. Det gjekk nesten 300 år før folketalet i Noreg var like høgt som før svartedauden, og sjukdomen forsvann ikkje heilt ut før på 1600-talet.