Oppklaringar

- I den redaksjonelle saka tillegg kommuneadvokaten meg meiningar og spekulasjonar som eg openbert ikkje kan vedkjenne meg, og eg opplever replikkane om dette som stråmannsargumentasjon, skriv Jardar Eggesbø Abrahamsen i dette svaret til Herøy kommune.
Fritt Ord

I innlegget 15. mai tok eg m.a. opp korleis Herøy kommune som arbeidsgjevar etter fleire si røynsle forheld seg til mobbing, og eg stadfesta ein omtale av dokument som har vorte sådd tvil om i avisa. Då rådmannen fekk høve til samtidig imøtegåing, engasjerte kommunen advokaten sin, som bad om ei redaksjonell sak til formålet. Kommunen skreiv eit innlegg òg, i rolla som arbeidsgjevar, signert av personalleiar og hovudverneombod. Desse tilsvara skaper behov for nokre oppklaringar.


Nytt, kritisk utspel mot kommunen:

– Dette er ein Kafka-prosess mot rådmannen

I eit innlegg i Vestlandsnytt går Jardar Eggesbø Abrahamsen ut mot det han omtalar som mobbing frå Herøy kommune. Det får kommuneadvokaten til å reagere.


Kommuneadvokaten reagerer på at eg er lite konkret. Samstundes seier han som rett er, at kommunen ikkje kan uttale seg om personalmessige forhold. Dette er òg eit sentralt poeng i innlegget frå kommunen. Og det er naturleg nok ein viktig grunn til at eg altså ikkje har vore særleg konkret.

Eg var relativt konkret på eitt punkt, om helseverknader av åtferd, og at dette vart meldt til leiinga. Det er trist då når kommunen kommenterer temaet mobbing med ei tilvising til det å ta «ein vanskeleg samtale», og når kommuneadvokaten karakteriserer opplysningane i innlegget som «utan rot i verkelegheita».

Innlegget frå kommunen opnar elles, noko spesielt, med ein detalj som ikkje kjem frå meg, nemleg at dei som har opplevt det som eg fortalde om, er «personar som er tidlegare tilsette i Herøy kommune». Dette tyder at kommunen trur dei har føresetnader for å forstå kven eg snakka om.

Innlegget mitt den 15. mai retta kritikk mot kommunen, ikkje rådmannen som person, men eg stadfesta at han og fleire opptrer i dokumenta i ei sak. Kommuneadvokaten omtaler dette som del av ein kafkaprosess. Det er særleg to grunnar til å nemne saka:

Det er av allmenn interesse når ein kommune slepp etterforsking pga. ressursvurderinga, ikkje minst når kommunen har gått ut i media med at saka er lagd bort, men utan bakgrunnen, noko som kan skape eit misvisande inntrykk.

Det er relevant å stadfeste omtalen av saksdokument fordi kommuneadvokaten har fortalt at han ikkje har sett den dokumentasjonen han bad ein politikar om, noko som kan skape eit misvisande inntrykk av dokumentomtalen.

I den redaksjonelle saka tillegg kommuneadvokaten meg meiningar og spekulasjonar som eg openbert ikkje kan vedkjenne meg, og eg opplever replikkane om dette som stråmannsargumentasjon.

Jardar Eggesbø Abrahamsen