Lesarinnlegg

"Herøy Høgre går imot Havsul 1"

Innlegg av Herøy Høgre.

TIne Storøy og Torbjørn Hide  Foto: Arkiv/Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Herøy Høgre går imot offshore vindkraftanlegget Havsul 1, og ber departementet gjere om på vedtaket om forlenga frist for oppstart, og krev at konsesjonen vert trekt attende.

Grunnen til dette er at anlegget er tenkt plassert i et området som er svært sårbart, og skaper et høgt konfliktnivå.

Konsesjonen til dette anlegget vart gjeve tilbake i juni 2008, og mykje ny og viktig kunnskap har kome til i ettertid. Herøy Høgre meiner at påvirkinga slike anlegg har på det marine økosystemet ikkje er tilstrekkeleg utreda, og der er svært mangelfull kunnskap om eventuelle konsekvensar av slike utbyggingar.

Området utanfor Harøya, der vindkraftanlegget Havsul 1 er tenkt plassert, er eit kystnært, grunt området som fungerer som gyte- og yngelområde for fleire marine artar, deriblant kysttorsk. Dette området er i hovudbeiteområdet for fuglen som hekkar i fuglefjellet på Runde, og er midt i leia for fugletrekket vinterhalvåret.

Havsul 1, i lag med Haram vindpark, vil dekke eit tverrsnitt på ca. 10 km av passasjen mellom opent hav og fastlandsfjella, eit område som har eit av dei mest konsentrerte trekk av fugl langs norskekysten. Havsul 1 bryt med det som internasjonalt har vore poengtert som det viktigaste tiltaket for å unngå negative konsekvensar av vindkraft; å unngå samlokalisering med område med stor verdi og stor aktivitet av fugl.

I tillegg til at dette området er eit viktig gyteområde for fleire marine artar, er det eit viktig «bruksområde» for fleire andre fiskeartar. Området er også eit viktig gyte- og oppvekstområde for NVG-silda, som for øvrig er ein bestand som Norge forvaltar og haustar av i samarbeid med andre nasjonar, og vi har difor eit særskilt ansvar for å sikre at denne bestanden ikkje vert skadelidande. Også torsk, sei og hyse som fyl etter silda, er ein del av denne vandringa.

Det er særs viktig at ein ikkje utset viktige gyte- og oppvekstområde for negative miljøpåverknader som set bestandanes reproduksjon i fare.

Hensynet til fiskeria må difor vektleggast tungt.

Vindmøller vil skape heilt spesielle lydbilde, både i luft og vatn, og vi veit at lyd forplantar seg godt i vatn, og at fisk let seg påverke av lyd. Eit endra lydbilde, spesielt i det lågfrekvente området, kan påverke fisk sin evne til navigasjon og kommunikasjon, som er spesielt viktig i gytinga.

Desse artane er viktige, ikkje berre for kystøkosystemet, men også for store oseaniske økosystem, og ein negativ påverknad og endra åtferd vil ha store økologiske og økonomiske konsekvensar.

Vi veit også av erfaring frå skotske fiskarar at det rundt vindmøllene er fritt for fisk i 20 nm omkrins. På overflata vil det påverke fiskarane som vert fortrengde frå fiskefelta.

Herøy Høgre er imot at det vert gjeve konsesjon for vindkraftutbygging i dette området som er så viktig for både fuglefjellet på Runde, og for fiskeria.

På generell basis er Herøy Høgre imot at det vert gjeve løyve til offshore vindkraft utan at det føreligg ein arealplan for havområda, og at det vert utarbeida skikkelege konekvensutrgreiingar av nøytrale partar.

Herøy Høgre forventar også at det vert gjort meir forsking på verknadane av forplantningsstøy i vatnmassane frå slike installasjonar.

Ein forventar også at utbygging til havs vil følge et «føre-var perspektiv».