"Kven, korleis og kvar styrer Herøy kommune"

- Kven har bestemt at denne saka skal unntakast offentlegheita?

Innlegg av Kjell Runde.

KJELL RUN­DE:   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Fritt Ord

For nokre år sidan tok administrasjonen kontakt med ein grunneigar i Myrvåg om å kjøpe ein del av eigendomen, såkalla strategisk grunnkjøp. Grunneigaren var i utgangspunktet villig til det, men ville fyrst få takst på det omsøkte arealet. Takst fekk han i 2014.

Det har vore mykje fram og tilbake om dette, men den 20.juni 2019 vedtok Herøy kommunestyre å kjøpe det omsøkte området til kr 5.440.000 kr, som var taksten frå 2014. Taksten ønskte seljar å få indeksregulert, så kjøpsavtale vart ikkje signert. Etter forhandlingar med kommunen, sende så seljar epost til administrasjonen om at han godtok tilbodet, utan indeksregulering. Ein skulle tru at då var handelen i boks, og kommunestyret sitt vedtak stod ved lag, men nei, slik er det ikkje i Herøy kommune. Saka skulle opp att i desembermøtet, men vart utsett, så vedtaket frå 20.juni 2019 står framleis ved lag, då kommunestyret ikkje har gjort anna vedtak. Seljaren ventar framleis på pengane.

Men så tek saka ei ny vending i formannskapet den 21.04.20. Då vert saka brått unnateke offentlegheita. «Det blir i denne samanheng vist til kommunelovens §11-5 b, som dreier seg om «forretningsmessige omsyn», skriv Vestlandsnytt. Kva er «forretningsmessige omsyn» i denne saka, er meg ei gåte. Har rådmannen fått i oppgåve å vurdere alt areal i Myrvåg, og deretter kome tilbake med ei ny sak i samband med budsjett for 2021?

Kan formannskapet og rådmannen overprøve eit gyldig vedtak i kommunestyret? Er det ikkje kommunestyret som då må gjere nytt vedtak? Vedtaket som vart gjort om kjøp den 20.06.19 viste også til finansieringa. Pengane skulle takast frå «strategisk grunnkjøp», og der var det dekning for kjøpet.

Kven har bestemt at denne saka skal unntakakast offentlegheita? Å bruke kommunelovens §11-5b er uhyre søkt då «alle» veit kven dei andre eigarane i området er, og kva takst dei har fått på eigedomane sine.

Eg stilte spørsmål om saka i siste kommunestyre, og sa at no held administrasjonen narr av seljaren. Eg gløymde å seia at dei held narr av eit lovleg fatta vedtak i kommunestyret også, det er nemleg kommunestyret som bestemmer, og administrasjonen skal utføre vedtaka, om dei likar vedtaka eller ei. Administrasjonen har i alle fall ikkje gjort det kommunestyret gjorde vedtak om i juni 2019.

Eg minner om at rådmannen skal syte for at dei sakene som skal opp i kommunestyret, er forsvarleg førebudde, jf § 23.2 i kommunelova. I fleire saker har det vore slett førebuing av rådmannen. Rådmannen skal også sjå til at vedtak politikarane gjer, vert effektuerte. Eg har tidlegare sagt at eg ikkje har tillit til rådmannen, og det står eg fast ved pga slett arbeid.

Kommunestyret vedtok å bygge ny brannstasjon utan at samarbeidsavtalen med Ulstein var underskriven eller lagt på bordet, men fine ord frå rådmannen om at det skulle gå fint. Vel, eg har enno ikkje sett avtalen, men veit at både Herøy og Ulstein bygg brannstasjon med lokalitet til feiaren. Nokon som framleis trur at feiaren vert lokalisert på Eggesbønes? Eg tvilar at feiaren vert på Eggesbønes.

Det vart jobba mykje med å få til Solparken, heilt til prislappen kom på bordet. Trur den var på 27 millionar. Kommunestyret gravla parken då prisen vart diskutert. Eg, og mange med meg, trudde dette prosjektet var over for godt, men då hadde eg ikkje rekna med administrasjonen som plutseleg hosta fram eit nytt prosjekt der Solparken var tenkt lagt. Ingen politisk organ, som eg kjenner til, har gitt administrasjonen i oppgåve å sjå på alternativ park. Det er vel flust opp med andre oppgåver å gripe fatt i.

Så har vi politistasjonen alle gledde seg over å få til Fosnavåg sentrum, eg og gjorde det. Men prosjektet politistasjon har i administrasjonen sine hender svulma opp til å verte ei svær ny og svindyr fløy til rådhuset, med 26 nye kontor, og ein førebels pris på nær 55 millionar. Ein må bygge for framtida, seiast det, sjølv om behovet er 5-6 kontor. Skal administrasjonen i Herøy aukast med 20 nye stillingar? Nei, seiast det, vi skal samarbeide med andre kommunar og få nye arbeidsplassar til Herøy. Vert det nye arbeidsplassar ved samarbeid? Eg trudde det var effektivisering, slik at det vert færre arbeidsplassar, og behovet for 26 nye kontor vert omlag borte.

Elles så er eg i tvil om vedtaket om politistasjon og ny fløy på rådhuset er lovleg fatta. Det var nemleg sendt inn skriftleg forslag om å bygge berre politistasjonen, og det vart aldri røysta over. Eg vil tru at det er feil handsaming av ordføraren då alle forslag skal opp til røysting.

Framover har kommunen store oppgåver og må ta opp store lån for å gjennomføre alle. Ny Bergsøy skule, utdjupe Fosnavåg hamn med kjøp av areal dertil, ny kai på Mjølstadneset, heve Allmenningskaia, naudsynt vedlikehald av kommunale bygg, nye bruer, nytt areal til gravplass, nytt turist-toalett i Goksøyra for å nemne nokre i farta. Det er vel på denne bakgrunn at «strategisk grunnkjøp» i Myrvåg er sett på vent til 2021? Taktisk spel frå administrasjonen for å svekke Myrvåg-området? Eg er redd for at Robekk vert neste for Herøy, og innføring av eigedomsskatt, og at skulestrukturen igjen kjem på agendaen, jf Sande kommune. Desse investeringane skal altså takast i ei tid der mange er permitterte eller oppsagde. Samstundes slit både næringar og offshore, og båtar må gå i opplag. Skatteinntektene vil, på denne bakgrunnen, rimeleg vis gå merkbart ned. Men fleirtalet var optimistiske, men nokre var, slik som eg – meir nøkterne, og ser faren som lurer der framme.