Frank-Roy Moltu, leiar for Senterpartiet i Herøy:

- Alt anna enn kapitalbesparande for Herøy kommune

Innlegg av Frank-Roy Moltu.

TIL­BYGG: Bak rådhuset er det pla­nar om å bygge eit til­bygg med fire eta­sjar. 1.- og 2. eta­sje er tenkt dis­po­nert av po­li­t­iet, medan 3. og 4. eta­sje kan nyt­tast av an­ten kom­mu­nen el­ler lei­ge­ta­ka­rar. 

Fritt Ord

Det skal no avgjerast om vi fullfinansierer det nye administrasjonsbygget til Herøy rådhus. Dette er ei sak som har hatt ein veldig merkeleg saksgang. Det har aldri vorte fatta vedtak på at vi skulle bygge nye lokal til administrasjonen i Herøy kommune.

Vedtaket som vart fatta i mars 2019 sa at administrasjonen fekk løyve til å arbeide med planar for eit politibygg med lokal til utleige, dette for å gjere økonomien i prosjektet meir berande.

Dei planane som no føreligg er alt anna enn kapitalbesparande for Herøy kommune. Finansieringsplanen som no føreligg, er på 53 700 000 NOK. I medhald til saksframlegget til formannskapet ligg det til grunn at den tredjedelen av bygget som politiet skal ha, står for 25% av samla byggekostnader. Med andre ord så har vi greidd å planlegge eit bygg som skulle gi oss økonomiske fordelar, der vi disponerer 66% av bygget som i momsregneskapet står for 75% av kostnadane.

Her har ein heilt klart brukt omvendt logikk. Poenget med å bygge i høgda var at desse etasjane er rimelegare å bygge enn kostnadane på grunnflata. Om ein får leige ut heile bygget så vert det vel i same prisgruppe som det politiet vil betale. Med andre ord eit realt mageplask økonomisk.

Har administrasjonen klarlagt behovet for nye kontorplassar?

Dei har identifisert seks stillingar som skal inn i det nye bygget. Har det vore ein gjennomgang av kva som er ledig av kontor og kva som vil verte ledig?

Etter det eg forstår er det ledige kontor på rådhuset. I tillegg skal skattekontoret sentra-

liserast, og to stillingar vil falle vekk. Og kva med brannstasjonen, er ikkje der og kontor som ikkje er øyremerka til nokon særskilte tilsette enno?

Kan det vere så gale at vi investerer 53 millionar fordi vi manglar 2-3 kontor?

Det vert teke fram i saksutgreiinga til formannskapet at når ein får dette bygget, då kan alle dei tilsette i kommunen flytte over dit, og ein kan då ta til med rehabiliteringa av fasaden på rådhuset. Er det difor ein bygger den nye delen?

Elles i kommunen vert alle problem foreslått løyst med modulbygg. Kva gjer dette i ei saksutgreiing til eit prosjekt med totalramme på 53 millionar?

Vi skal bygge eit praktbygg der vi konkurrerer med private aktørar som allereie slit. No i desse «Koronatidene» har folk heimekontor. Slike kan vel òg nyttast ved eit rehabiliteringsprosjekt?

I utgangspunktet bestilte kommunestyret i mars 2019 eit prospekt til utleige, større enn det politiet hadde behov for, på grunn av at det skulle verte betre økonomisk. Administrasjonen fekk blankofullmakt til dette. Det vi har enda opp med er ein fullstendig kostnadssprekk, og det på eit bygg som det vert særs vanskeleg å leige ut. I så fall har vi bygt nye flotte kontor til 26 personar som allereie har tilfredsstillande kontor. Når skular og omsorgs-

bustader vert diskuterte, då er løysinga alltid modulbygg. Administrasjonsbygget derimot, som aldri har vore vedteke å bygge, vert eit flott og fint bygg med 50 års nedbetalingstid. Er det berre på skulane og ved omsorgsbustadane at modulbygg er egna?

Om ein planla slik bestillinga frå kommunestyret vart planlagd, då har ein planlagt 26 nye arbeidsplassar her. Har ein svara skikkeleg på spørsmålet kring parkeringsplassar?

Om ein privat utbyggar skulle bygge 26 kontorplassar i Fosnavåg, er det då ikkje kommunen sin jobb å syte for at det er parkering for dei arbeidsplassane?

I saksframlegginga til formannskapet seier dei at ein slepp å bygge kantine til desse nye 26 arbeidsplassane, av di leigetakarane kan få tilgang til kantina på rådhuset, og at ein kan styre arbeidstida slik at ein har pause til forskjellige tider. Gjer ikkje dette det berre verre å leige ut? Skal vi altså finne ein elle fleire leigetakarar som er viljuge til å ha begrensa tilkomst til kantinen? Er dette i heile tatt sannsynleg?

Eller skal vi heller våge å seie det som det er; vi bygger ny kontordel på rådhuset.

Vi må verne om eigne innbyggarar og dei lokale bedriftene. Dei lokale bedriftene handlar lokalt, og tilset folk lokalt. Dette grandiose prosjektet av eit administrasjonsbygg gjev ingen lokale ringverknader. Den valdte entreprenøren «Veidekke AS» handlar ikkje lokalt hjå oss. Dei kjøper ikkje hjå våre lokale butikkar, og dei tilset ikkje folk lokalt heller. Bygget skal oppførast i prefabri-

kert betong, det vert nok stor trafikkauke i Fosnavåg sentrum med tungtrafikk som kjem frå «dalstrøka innafor».

Viljen til låneopptak er tydelegvis til stades. Vi har skular med dårleg inneklima, og generelle tilstandar som ikkje er bra nok. Vi snakkar om eldrebustadar der taka er lek, og vindauge som ikkje kan opnast fordi ein er redde dei ikkje kan latast att etterpå. Vi i Senterpartiet har teke initiativet til at eigedomsavdelinga leverer ein rapport til kommunestyret om tilstanden til alle offentlege bygg i kommunen. Korleis er taket på «Grøn avdeling» på Eggesbøneset, korleis er det med vindauga på skular og omsorgsbustadar. Dette er rehabilitering, og vi må trø til og lånefinansiere dette. Her må det tiltakspakkar til.