Ergoterapeut Mariette E. Gjerde:

Sju kvardagsråd i koronaens tid

Heilt brått er kvardagen endra, og vi må fylle den med nye aktivitetar. Dette gir oss som enkeltpersonar, par, familiar store utfordringar. Lat meg gi deg sju kvardagsråd i koronaens tid.
Fritt Ord

Lag aktivitetsbalanse i kvardagen

Dei fleste av oss deler dagen og veka i ulike typar aktivitetar som bidreg til orden og føreseielegheit. Vi går til barnehage, skule og jobb til bestemte tider, trenar, luftar hunden, lagar middag i ei fast rytme gjennom dagen og veka. Vi vekslar mellom arbeid- og skuleaktivitetar, fritidsaktivitetar og heimen. Eller vi vekslar mellom aktivitetar vi ynskjer å gjere, må gjere og likar å gjere. Vi har ein eigen aktivitetsbalanse.

Når vi må vere meir heime utfordrast denne aktivitetsbalansen. Nokon får for lite å gjere, andre må arbeide heime samtidig som ungane skal ha hjelp til skulearbeid, dei minste må passast på og aktiviserast i tillegg til husarbeid og andre oppgåver. Planlegg gjerne dagane i lag med familien, lag ein vekeplan med ulike aktivitetar. Avklar kven ungane kan leike saman med og kva aktivitetar som kan gjerast når. Ver samtidig klar over at slike aktivitetsrytmer er individuelle og må tilpassast til den einskilde.

Behald dei rutinane du kan, og lær deg nokre nye

Vi tenker vanlegvis ikkje på at dei fleste aktivitetane vi gjer utførast automatisk, utan at vi nyttar mykje energi. Disse automatiske handlingane skal vi fortsette å behalde. Og vi må lære oss nye rutinar. For ungane gir faste rutinar tryggleik. Våre automatiserte rutinar triggast av omgivnadane våre: vi tek automatisk grep om reiskap og handtak når vi lagar mat, opnar skap og skuffer.

Hendene veit automatisk kva vi skal gjere med tannkosten, såpa, mobilen eller bilnøklane. I vår eigen heim treng dette ikkje å ha so stor betydning. Men i det sosiale rom er det naudsynt å bevisstgjere smittefaren; korleis brukar vi fingrane og hendene på bankterminal, bensinpumpe, butikkdører, gelender, inngangsportar osv.? Her gjeld det å lære seg nye rutinar.

Legg til rette for arbeid- og skuleaktivitetar heime

Dei fysiske omgivnadane og organiseringa av aktivitetane påverkar kva vi gjer og korleis. Dersom det er plass heime, er det klokt å definere eit område eller rom som arbeidsstad. Eller at skjerm og arbeidsutstyr vert rydda vekk ved måltid.

Hjelp ungane til å lage struktur for aktivitet eller skulearbeid, dette sikrar forutsig- barheit. Stol og arbeidsbord bør ha passe høgd, og bordet bør gi underarm-støtte ved arbeid på PC. Unngå refleksjon på skjerm, frå belysning eller vindauge. Elles er det berre godt for kroppen å endre sitjestilling ofte, ikkje lat kroppen verte for statisk.

Gjer fysiske aktivitetar – og nyt naturen

Sjølv om du ikkje lenger går eller syklar for å levere i barnehage, skule eller jobb, skal du framleis gjere desse aktivitetane. Vi er utruleg heldige i Noreg der dei fleste bur heilt tett på naturen. Dersom du vanlegvis er fysisk aktiv vil du fort vere rastlaus, kanskje irritabel dersom kvardagen vert for passiv.

Ta med ungane på uteleikar og skitur, for nokon er trampolinen allereie i bruk. Kanskje kan vi introdusere ungane til dei gamle uteleikane som nesten er gløymde? Tur på fjell, skog og mark eller på sjøen gir også anledning til meir langsam tid, til ettertanke og refleksjon.

Gjer noko morosamt og meiningsfullt kvar dag

Med denne alvorlege pandemien fylgjer også mange bekymringar. Det er difor godt å prate med eller sende melding til ein person du stolar på, eventuelt ein hjelpetelefon. Det er også viktig at vi gjer noko morosamt og meiningsfullt kvar dag. Lat alle i familien bestemme kva kvar einskild meiner er artige og meiningsfulle aktivitetar.

No er ikkje tida for å sette stoppar for dataspel eller annan skjermaktivitet. Kanskje kan familie og venar lære noko nytt; nye dataspel, dele filmfavoritt, podkastar eller smarte knep på data? Kreative aktivitetar med fargar, former, eller musikk gir mange ein herleg flow, ei flytoppleving, der vi gløymer tid og stad.

Gjer noko for andre

Mange må vere isolert og vere mykje åleine i vekene framover. Sosial deltaking er rett og slett livsviktig for å bevare helsa, det er difor naudsynt å finne alternativ til dei faste sosiale møtepunkta med familiemiddag, vennegjengen, eller kino og kaffibesøk. Tenk over kva vi kan bidra med av kontakt.

Lag ei liste over kven du skal halde kontakt med framover. Ikkje berre den eine gongen, men legg det inn i vekeprogrammet. Bruk telefon, melding eller sosiale media. Kven treng tilbod om innkjøp? Er tida inne for at familiens eldste kjem på Snap eller andre plattformer? Et gjerne måltid saman på facetime eller finn fram til dataspel i lag.

Hald ut

Dette vil truleg vare lenger og vil utfordre tolmodet vår. Heimeisolering gjer vi i solidaritet med dei av våre medborgarar og familiemedlemmar som er særs sårbare. Vi kan minne, spesielt dei unge om at dei fleste ikkje vert alvorleg sjuke.

Vi må prøve å tole kvarandre sine skilnader. Hold ut, det vert betre. Det vert både gamle og nye kvardagsaktivitetar igjen. Når tida er over har vi kanskje også lært noko nytt og nyttig. Kvardagslivet kjem attende, men kanskje med nye aktivitetar og då svarar du kanskje annleis på spørsmålet: Kva er viktig for deg?