Flyktningkrisa:

Kon­se­kvens­etikk

- Re­a­li­tetane, og dei ver­ke­leg al­vor­le­ge kon­se­kven­sa­ne av vår og Eu­ro­pa sin po­li­tikk på det­te om­rå­det, er ik­kje des­se kom­men­ta­to­ra­ne og folk med lik­nan­de sin­ne­lag vil­li­ge til å sjå, skriv Magne Bergseth
Fritt Ord

Tys­dag 10 mars vart eit inn­legg av meg om Norge og Eu­ro­pa sin an­svars­lau­se man­gel på hand­ling i høve flykt­ning­kri­sa i Hel­las og dei gres­ke øya­ne nær den Tyr­kis­ke kys­ten spe­si­elt, pub­li­sert i Sunn­mørs­pos­ten (www.smp.no/meninger/) og ei rek­kje lo­kal­avi­ser på Søre Sunn­mø­re.

No­kre po­si­ti­ve til­ba­ke­mel­din­gar har eg fått, men og no­kre få som ik­kje er det. I eit mot­inn­legg i Vi­ke­bla­det Vest­pos­ten fre­dag 13. mars dreg inn­sen­da­ren ik­kje uven­ta «sin­ne­lags­etikk kont­ra kon­se­kvensetikk-kor­tet». Dei ver­d­ia­ne eg og vel­dig man­ge står for vert plas­ser­te på «sin­ne­lags-sida» utan tan­ke på kon­se­kven­sa­ne som dei er opp­tek­ne av. Des­se byg­gjer dels på konspirasjonsteori om «mus­limsk over­ta­king av Eu­ro­pa» og dels på­stan­dar om at dei fles­te ik­kje er flykt­nin­gar frå krig og for­fylg­ing, men luk­ke­je­ge­rar som vil til Eu­ro­pa for få bet­re kår. Kon­se­kven­sa­ne av å hjelpe blir då både at vi tek imot (si­tat): «bød­la­ne til dei som ver­ke­leg treng hjelp!» og vi ri­si­ke­rer å øy­de­leg­ge vel­ferds­sam­fun­net vårt. No­kre lik­nan­de re­ak­sjo­nar er og kom­ne i kom­men­tar­fel­tet til inn­leg­get i Sunn­mørs­pos­ten.

Re­a­li­tetane, og dei ver­ke­leg al­vor­le­ge kon­se­kven­sa­ne av vår og Eu­ro­pa sin po­li­tikk på det­te om­rå­det, er ik­kje des­se kom­men­ta­to­ra­ne og folk med lik­nan­de sin­ne­lag vil­li­ge til å sjå. I sta­den mei­ner dei at viss vi eva­ku­e­rer dei mest sår­ba­re og li­dan­de bor­na i des­se lei­ra­ne, ri­si­ke­rer vi å øy­de­leg­ge Eu­ro­pa. Høy­rest det­te ri­me­leg ut?

For dei som har in­te­res­se av litt meir kunn­skap om det som no skjer i Hel­las, og spe­si­elt i Moria- lei­ren på Les­bos, kan eg an­be­fa­le ein ar­tik­kel i stu­dent­avi­sa Uni­ver­si­tas. Den finn du her.

Ar­tik­ke­len «Skjeb­ne­time for Europas flykt­ning­po­li­tikk» bør og le­sast. Den finn du her.

Kva det er grunn til å fryk­te i flykt­ning­lei­rar på grunn av ko­ro­na­pan­de­m­ien kan ein lese om i den­ne ar­tik­ke­len i VG.

For dei som er in­te­res­ser­te i meir stoff om kor­leis «folk flest» i Hel­las stiller seg til flykt­nin­ga­ne, kan eg an­be­fa­le ei un­der­sø­king av det gres­ke sam­funnsvit­ska­pe­le­ge fors­kings­ins­ti­tut­tet diaNEOsis: «Greeks and The Ref­u­gee Prob­lem». Den finn du her.

DiaNEOsis har og ny­leg pub­li­sert ei un­der­sø­king som konk­lu­de­rer med at 91 % av flykt­nin­ga­ne og mig­ran­ta­ne som kjem til Hel­las, dei al­ler fles­te via Tyr­kia, flyk­tar frå krigs­so­ner og vald og ik­kje berre lei­tar et­ter ar­beid el­ler bet­re øko­no­mis­ke til­hø­ve. Eit anna funn er at dei fles­te flykt­nin­ga­ne ik­kje er spe­si­elt re­li­gi­ø­se. Om lag 75 % sva­rar at dei ik­kje er det. Un­der­sø­kin­ga er pub­li­sert her.

Landa flykt­nin­ga­ne kjem frå er ifyl­gje tal frå Flykt­ning­hjel­pen i ho­vud­sak frå Af­gha­ni­stan (ca. 50 %) Syria (20 %). I lei­ra­ne på øya­ne nær kys­ten til Tyr­kia, i ho­vud­sak Les­bos, Chios og Sa­mos er det no over 41 000. Over 1/3 er born. 60 % av bor­na er un­der 10 år.

Som i dei fles­te andre land finst det og høg­re­ra­di­ka­le fa­scis­tar i Hel­las, men par­t­iet Gyl­lent Dag­gry kom un­der sper­re­gren­sa ved sis­te val­et. På Les­bos stil­te dei ik­kje liste ved det sis­te lo­kal­va­let, men i det sis­te har det kome grup­per med fa­scis­tar rei­san­de til Les­bos, og frå ut­lan­det som har teke del i val­de­le­ge ak­sjo­nar mot hjel­pe­ar­bei­da­rar. Lik­nan­de har ein opp­levd på Chios.

Sjølv i den­ne tida må det la seg gje­re å kom­bi­ne­re om­sorg for våre næ­ras­te med litt inn­sikt og so­li­da­ri­tet med folk i ver­da som har uen­de­leg mykje verre.