Ko­ro­na­til­tak i aust og vest

- For meg er det li­ke­vel eit tan­ke­kors at ein ik­kje har prøvd på noko meir, skriv Per Steinar Runde.
Fritt Ord

Så len­ge vi mang­lar me­di­sin og vak­si­ne mot ko­ro­na­in­fek­sjon, er til­tak mot smit­te­sprei­ing det einaste som hjel­per. Des­se spen­ner frå god hand­hy­gi­e­ne til full­sten­dig iso­le­ring av alle smit­te­be­ra­rar. Det sis­te krev om­fat­tan­de tes­ting, avan­sert tek­no­lo­gi og vil­je til å bru­ke makt. Ein kan knapt kland­re vest­le­ge land for ik­kje å vil­le ko­pi­e­re dei mest dras­tis­ke til­ta­ka til Kina, som t.d. å set­je alle smit­ta bak lås og slå. Men dei kun­ne ha lært ein del av Ja­pan og Sør-Ko­rea, og i til­legg sytt for meir ut­styr til tes­ting og be­skyt­tel­se.

Re­gje­rin­ga i Noreg har følgd råda frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Hel­se­di­rek­to­ra­tet, men des­se hel­se­sty­res­mak­te­ne har ik­kje all­tid vore på høgde med si­tua­sjo­nen. Då ein au­ge­le­ge på Ul­le­vål fekk på­vist ko­ro­na­virus et­ter fe­rie i Italia, kom det på­bod om at alt hel­se­per­so­nell som had­de vore der måt­te tes­tast. Men dei fles­te av dei knapt tu­sen som kom frå fe­rie i Italia og Aus­ter­ri­ke ar­beid­de ik­kje i hel­se­ve­se­net, men kun­ne sjølv­sagt smit­te både ei­gen fa­mi­lie og andre dei kom i kon­takt med li­ke­vel.

Om­kve­det til FHI og hel­se­di­rek­tø­ren har vore at vi måt­te sein­ke smit­te­sprei­in­ga slik at vi ik­kje fekk flei­re al­vor­leg sjuke på ein gong enn det fanst per­so­nell, akutt­sen­ger og re­spi­ra­to­rar til. Ein slik de­fen­siv stra­te­gi fø­rer dess­ver­re til flei­re sjuke og døde to­talt. Gans­ke raskt vis­te det seg at det måt­te skar­pa­re lut til, og re­gje­rin­ga gjor­de ved­tak om svært inn­gri­pan­de iso­le­rings- og ka­ran­te­ne­til­tak. Gren­ser fekk ny ak­tu­a­li­tet, ik­kje berre mel­lom na­sjo­nar, men også mel­lom fyl­ke og kom­mu­nar. Bil­da frå sju­ke­hus i Italia, og sei­na­re i Spa­nia, vis­te kor ille det kun­ne bli om smit­ten kom ut av kon­troll. Tet­ta­re fa­mi­lie­band, tron­ga­re bu­sta­der og ein meir so­si­al kul­tur har der gitt svært stor smit­te­sprei­ing.

Ein sni­kan­de in­fek­sjon som i start­fa­sen råka re­la­tivt få, gjor­de at sty­res­mak­te­ne mest over alt har un­der­vur­dert faren. Dei på­vis­te smit­te­til­fel­la er også berre ein brøk­del av dei re­el­le, som grovt sett tel så man­ge som 800 gon­ger ta­let på døde på eit gitt tids­punkt. Med 14 døds­fall til no, vil det gje vel ti tu­sen smit­ta i Noreg per 25. mars, mot berre tre tu­sen re­gist­rer­te. I land med mind­re test­ka­pa­si­tet er dif­fe­ran­sen langt høg­re. Når det­te blir skri­ve, er 238 inn­lagt på sju­ke­hus og 57 kop­la til re­spi­ra­tor. For fjor­ten da­gar sidan var det of­fi­si­el­le ta­let på smit­ta 630, berre 14 var inn­lagt på sju­ke­hus og in­gen be­hand­la med re­spi­ra­tor. Viss det re­el­le ta­let på smit­ta er ti tu­sen og éin pro­sent av dei sjuke døyr, kan vi ven­te man­ge ti­tals flei­re døde første ve­ke­ne.

Epi­de­m­ien er langt frå over med det, men med gode til­tak som vi fylg­jer nøye, kan vi ha håp om å av­gren­se han. For meg er det li­ke­vel eit tan­ke­kors at ein ik­kje har prøvd på noko meir. Per An­ders Johansen skreiv 22. mars i Af­ten­pos­ten om den ita­li­ens­ke små­b­yen Vo Euganeo, som fekk tes­ta alle 3000 inn­byg­gja­ra­ne et­ter at ein mann had­de døydd av ko­ro­na­in­fek­sjon. 89 vis­te seg å vere smit­ta. Men då be­folk­nin­ga vart tes­ta på nytt et­ter fjor­ten da­gar med full iso­la­sjon frå om­ver­da og ka­ran­te­ne for alle inn­byg­gja­ra­ne, var alle prø­ve­ne ne­ga­ti­ve på vi­rus. Lik­nan­de for­søk, i stør­re el­ler mind­re skala, kun­ne vore gjort her til lands, el­ler ein kun­ne prøvd å ko­pi­e­re Ja­pan el­ler Sør-Ko­rea, som mykje godt har opp­nådd det same.

Når ko­ro­na­pan­de­m­ien er over, bør vi i det mi­nste ha lært litt av han, m.a. det­te: Viss vi let globalismen gå for langt, blir vi alt­for av­hen­gi­ge av land og til­stan­dar på hi sida av Jor­da. Då kan vi i til­legg til far­le­ge in­fek­sjo­nar også ri­si­ke­re man­gel på mat og livs­vik­ti­ge me­di­ka­ment og andre va­rer i ein kri­se­si­tu­a­sjon. I det mi­nste må vi som sam­funn både ha eit stort nok re­ser­ve­la­ger og ein bruk­bar ei­gen­pro­duk­sjon av dei tin­ga vi ik­kje kan greie oss utan.

Per stei­nar run­de