Inneklima på Borga

Denne skulen vart bygd om lag samtidig med den eldste delen av Herøy vidaregåande skule, truleg midt på 1950-talet.

Borga 2 

Fritt Ord

Eg ser her i Vestlandsnytt at den nye ordføraren får mange spørsmål frå medlemmene i kommunestyret, mellom anna om inneklimaet ved Bergsøy skule, avdeling Borga.

I min tid ved skulen vart dette spørsmålet også oppe ved vår skule, og vart spesielt drøfta då det «klimaanlegget» dei nye bygningane frå om lag 1970, måtte utskiftast med nytt anlegg. Vi kom til at dette «gamalbygget» måtte verte med på renoveringa, og slik vart det. Eg var på den tida inspektør ved skulen, og hadde nokre timar undervisning per veke. Nokre timar var nettopp i eit klasserom i denne «gamleskulen». Eg kunne stadfeste at klimaet ikkje var som det skulle. Ein måtte ty til å opne vindauge for å sleppe inn frisk luft av og til. Så vart det for kalt, så dei måtte stengjast att.

Eg kjem ikkje i hug nøyaktig når dette arbeidet vart utført, truleg først på 1970-talet. Det vart montert eit stort «klimaapparat», så stort at vi måtte byggje eit eiga «klimabygg» oppe på taket til inngangspartiet. Vaktmeisteren måtte kurse seg opp, for her var mange nye reguleringar og justeringar som kunne utførast etter som årstidene skifte, særleg første året.

Heile skulen fekk altså då eit heilt nytt klima, og eit fantastisk godt inneklima, inklusive «gammelskulen». Like bra der som elles. Det vart bora store hol gjennom veggane over det heile. Dimensjonane på desse røra med ny, frisk luft var store, og inne i klasseroma og andre rom vart det opp under taket montert utstyr som fordelte den friske luften langt på veg lydlaust jevnt og fint i roma. Skulen vart som ny.

Også hos oss vart sjølvsagt dette med framleis å nytte «gamlebygget» drøfta. Men vi hadde stadig for lite rom, og denne skulen var bygd på «gammelmåten», dvs. sterke, solide både ytterveggar og delingsveggar. Med lit oppussing med nye vindauge, litt snekring og maling, vart dette bygget langt på veg den beste og mest solide bygningen vi hadde – og no med perfekt klima.

Borga er truleg bygd på same måten som den eldste bygninga ved Herøy vidaregåande skule, så ein skulle tru at ein tilsvarande renovasjon av den skulebygninga er aktuell. Til dette kjem at Borga er eit «signalbygg» i Herøy som må takast godt vare på.