Lesarinnlegg av Einar Hansen:

"Kva skal ein med hurtigruteterminal i Torvik?"

For meg, vart spørsmålet stilt ei mørk og stormfull natt i januar. OK, det var ikkje storm, det var heller ikkje midnatt. Men det var seint og det bles. Mykje meir enn kva det gjer i Oslo. Det einaste eg kan krysse av for er mørket. Det var beksvart. Og eg skulle reise med Hurtigruten MS Finnmarken frå Torvik til Bergen. Avgang 0230, natt til fredag.

Finnmarken:   Foto: Hurtigruten

Fritt Ord

Sidan Yr, Storm og andre vermeldarar hadde flagga stiv kuling/liten storm kring Stadt denne natta, følgjer eg ferda til MS Finnmarken sørover. Trondheim, Kristiansund, Hustadvika, Molde… Eg har AIS på min telefon. Fart, posisjon og andre aktivitetar til skipa vert kartlagd.

Eg ser at båten var i rute ut frå Trondheim og Kristiansund. Men over Hustadvika går MS Finnmarken for halv maskin. Det kan vere bårer… Jau, det er nok høg sjø. Uveret har nok nådd det opne havstykket fyrst.

Godt sein, svingar båten inn bak øya Gossen. Der legg MS Finnmarken seg til. Midt i leida. Lenge. Tida for å nå Molde i tide er pulverisert. 17 minutt forsinka legg båten frå kai. Godt tenkjer eg, dette vil den klare å køyre inn til Ålesund. Klokka 22:08 ringer telefonen.

– Hei, det er hurtigruten MS Finnmarken, sydgående. Du har billett fra Torvik?

– Ja, det stemmer…

– No skal du høyre det, Kapteinen har bestemt at vi skal sløyfe Torvik på veg sørover…

– Kvifor det? Eg har betalt billett?

– Kapteinen har vurdert det slik…

– Kva har han gjort sa han?

– Sløyfe Torvik…

– Kva skal eg gjere då?

– Vi blir no liggande ei stund i Ålesund…

– Og du veit kor lett det er å svinge seg rundt på Søre Sunnmøre, ein sein kveld, kome seg til Ålesund? Det er så mange båtar, ferger og anna offentleg transport som går?

– Ja, men….?

– Kva skal eg gjere? Eg skal til Bergen!

– Vi sløyfer Torvik…

– Dykk kan då gå 15 minutt før frå Ålesund?

– Vi stoppar ikkje ved Torvik…

– Veit du kva, du kan helse kapteinen og seie at han er ein t***k, t****k og ein gedigen i***t.

– Javel

– (Klikk)

Ein rettferdig harme fylte heile meg. Eit rødglødande raseri. Kva skal ein med gyldige billetar? Kva skal ein med ei hamn som ligg i le for vestavinden? Kva skal ein med kapteinar som ikkje gidd å legge til kai, berre for å dasse rundt Stadt med tyske turistar? Det er svarten så fornærmande å bli utsett for dette: «Du-har-billett-men-vi-drit-i-deg». Har ikkje Hurtigruten obligatoriske anløp? Har dei ikkje eit mandat? Får dei ikkje subsidiar?

Folk på Hurtigruten kjenner kanskje ikkje til offentleg transport og kommunikasjonar på Søre Sunnmøre seine januarkveldar. Det er berre å knipse, så er eg der. Det går sjeldan transport til Ålesund. Og det er ikkje akkurat i nabolaget. Landtroll, det er det ein er.

Vi alltid har stolt på Hurtigruten. Kysten sin stamveg nummer ein. Nei, tydeleg vis ikkje. Dette er no turistane sin veg. Vi som bur her, vi kan berre sjå på. Dette er kysten sin stamveg, kanskje – om vi gidd, kan eller ikkje må pleie turistane.

Eg måtte hive meg rundt. Det vart fly frå Hovden, dagen etter. Dyrare og mykje mindre praktisk for ein som kjem frå øykommunen Herøy, vest i havet. Eg forventar full refusjon frå Hurtigruten og kompensasjon for annan transport til Bergen. Mest sannsynleg, drit dei i meg no og.

Sånn heilt til sist, har eg fått tenkt meg litt om. Det kan no vere at Terminalen i Torvik ikkje var bemanna? Det kunne vere at Terminalen i Torvik ikkje gjev den service som Hurtigruten krev? Det kan vere at det var berre eg som skulle sørover med Hurtigruten, ja-men-likevel, og at det ikkje var noko last som skulle med båten?

Men altså, kva skal Herøy med ein Terminal for Hurtigruten, om den ikkje er operativ, vert brukt eller prioritert? Kan vi selje Terminalen til Ulstein?