Ordførar i Herøy Bjørn Prytz:

"Til dei mange herøyværingar som bur vekke"

Innlegg av Bjørn Prytz, ordførar i Herøy.

Bjørn Prytz.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

I romjula vil Herøy kommune prøve å få i tale ein del av dei som bur vekke og vurderer å flytte heim att. I tillegg er vi interessert i å høyre frå ungdomar og unge vaksne kvifor fleire vel å busette seg i Ulstein framfor i heimkommunen.

Herøy kommune er interessert i å høyre direkte frå desse kva kommunen kan bidra med.

Kva betyr mest, og kva må til for å at utflytta herøyværingar kan tenkje seg å flytte heim att, og kva kan/bør kommunen bidra med?

Korleis kan kommunen legge til rette for at ungdom skal busette seg i Herøy framfor i nabokommunar?

Er du i målgruppa, ynskjer vi at du stiller på romjulssamlinga på Herøy kulturhus.

Vi har alliert oss med nokre som vil innleie om temaet og fortelje om sine val. Vi får også besøk av representantar frå eit par firma (Havila og Metisoft) som vil fortelje litt om korleis dei ser på framtida.

Arve Kvalsvik har forska på beslekta tema og vil kome med sine erfaringar og synspunkt.

Næringslivssjefen i Havlandet AS, Merethe Hjertø Flusund stiller også for å informere om Havlandet si rolle i næringsutviklinga i Herøy og regionen.

Har du noko å bidra med, går du med tankar om å flytte heim att eller tel på knappane kor du skal busette deg i regionen? Da er du heilt klart i målgruppa for dei vi ynskjer å få i tale på romjulssamlinga. Sjølvsagt er også andre interesserte hjarteleg velkomen.

Vel møtt til romjulssamlinga.