Er det dette folket på Nerlandsøya vil ha?

Tida går og diskusjonane på ulike arenaer og plan går også sin gang, skriv Terje Gjelseth i dette lesarinnlegget.

Nerlandsøybrua  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Snart fem år, med gode og mindre gode alternativ, til kryssing av vaulen er blitt presentert. Men når vi kjem til den foreløpig siste løysinga så håper og trureg dei fleste ser at det kanskje vil være fornuftig å reversere.

Det komunestyre-vedtekne forslaget med 20m seglingshøgd over hamna var vel noke som truleg fleirtalet i begge bygdene kunne stille seg bak. Men så kom tala på bordet, og fylkespolitikarane vart bevisste på realitetane.

Som forventa vart det eit altfor høgt tal og no kjem «kloke» haud med stadig meir kreative løysingar. Høge fyllingar, smalare køyrefelt, fortau i staden for gang og sykkelveg og ikkje minst aukande stigning. 9° er faktisk brattare enn dagens bru. Og enda har vi ikkje sett tala, eller siste sparetiltak.

Eg spør meg om verkeleg det er dette folket på Nerlandsøya vil ha! Spesielt når ein kan synleggjere alternativet.

Ei 12-15 m bru i same trase som den gamle. Med dagens teknologi og utstyr er det mulig å ta ned brua i seksjonar og nytte desse i naudsynte fyllingar på begge sider. Ein kan så nytte restane av brukara som danner spennet i dag til fundament for starten på begge sider.

Kanskje alle brukara kan nyttast og dermed unngå meir fyllingar enn det som allereide er der i dag. Resultater vert då fornya bru med to køyrebaner, gang og sykkelveg med autovern, og med ei stigning på mindre enn 5 grader.

Kva så med trafikken i byggeperioda. Her kan ei naudsynt steinfylling vidareførast frå moloen og landast på Igesundsida ganske parallellt med dagens bru. Steinmassen kan, når brua er ferdig, nyttast enkelt og billig til fylling uti hamna og danne eit glimrande utgangspunkt for naustbygging.

Av andre fordelar kan nemnast vernet eventuelt lengre fyllingar gir for vestavêret på begge sider. Ein for alle teneleg og lenge etterlengta gang og sykkelveg til Fosnavåg.

Med denne løysinga vil ein langt på veg ha finansiering for Remøybrua også, innafor kostnaden ein i dag er forespegla for berre Nerlandsøybrua.

Det kanskje største plusset med dette alternativet er at det ikkje treng nærare utgreiing om botnforhold og tidkrevjande undersøkingar. Sikkert unngår ein også å gå gjennenom ein ny omfattande reguleringsplan då dette berre er ei modifisering av ein eksisterande trase.

Til slutt vil eg oppfordre folket på heile øya å verte med på eit sakeleg og sterkt engasjement der målet må være at vi får ei løysing som er teneleg både for gåande, syklande og bilande ferdsel over Vaulen.